Hopp til innhold

Naboar sløkte bråtebrann

Naboar har fått kontroll på bråtebrannen på Myklebust på øya Barmen i Selje.

Brann på Barmøya i Selje
Foto: Skjermdump

– Naboar har til alt hell klart å sløkkje brannen, seier Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen til NRK.no.

Klokka 13.39 fekk brannvesenet melding om brannen på Myklebust, og det vart send ut i alt 12 brannfolk frå Stad og Selje.

– Mannskapa frå Stad har returnert, medan mannskapa frå Selje har no kome fram ti l staden og vil kontrollere at alt er sløkt, opplyser Holvik.

Vindretninga førte flammene vekk frå busetnaden på plassen, og det var såleis ikkje fare for husa på staden.

Brannvesenet måtte ta seg med ferje ut til øya Barmen, som ligg mellom Vågsøy og Stadlandet.