Hopp til innhold

Fekk trøbbel med hjartet då han fekk sparken

Atle Gandrudbakken i Luster fekk sparken frå bedrifta han sjølv starta opp. Han har hatt eit svært tøft halvår.

Atle Gandrudbakken

TØFT HALVÅR: Det siste halvåret har ikkje Atle Gandrudbakken kunne snakke om kva som skjedde då han fekk sparken.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Eg var nærast i sjokk. Då eg kom til legen blei det oppdaga at eg hadde ein hjarterytme på over 140 konstant. Legen sa eg hadde gått inn i eit sjokk og blei sjukmeld, fortel Gandrudbakken.

Han starta og bygde opp hjørnesteinsbedrifta NTP i Luster i Gaupne. Tidlegare i dag fortalde han til NRK korleis han fekk sparken. Han forstår ikkje grunnen, og nektar for at lista med grunnar dei amerikanske eigarane gav han er grunnlag for oppseiing.

– Eg fekk ikkje komme innanfor portane eller sleppe inn på kontoret. Dei plasserte tinga mine på eit lager, seier han.

Slit med å forstå

No fortel han om ei svært tøff tid etter han fekk sparken frå bedrifta han bygde opp frå fire tilsette i 1988 til 110 tilsette i dag. I 2009 blei bedrifta som har spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar, kjøpt opp av amerikanske Avery Dennison.

Gandrudbakken slit med å forstå kvifor han fekk sparken som dagleg leiar for eit halvt år sidan.

– Det har vore ei tøff tid utan at eg har kunne snakke om det med nokon. Eg håper ikkje nokon andre blir utsett for ein slik oppførsel, seier han.

Etter å ha starta og styrt bedrifta hadde han forventa å få ei betre behandling av dei amerikanske eigaren som kjøpte bedrifta.

– Etter 25 år hadde eg gjort rekning med å få litt etterlønn i alle fall. Eg tente godt som dagleg leiar. No har eg gått eit halvt år på sjukepengar, samstundes som eg har nesten ein halv millionar i kostnader til advokat for å beskytte meg. Det er ikkje synd på meg enno, men eg har gjeld slik om mange andre har.

Eigarane: Situasjonen er ei utfordring

Shawn Neville

– UTFORDRANDE: President Shawn Neville i Avery Dennison seier dei prøver å vere rettvise.

President Shawn Neville i avdelinga fabrikken på Gaupne høyrer under, var nyleg på besøk i Gaupne. Då sa han til NRK at situasjonen var ei utfordring.

– Vi har ei stor bedrift i Gaupne som er viktig for lokalmiljøet. Når noko stort skjer, er det uroande for oss. Vi forsøker å vere rettvise i alle situasjonar. Når det gjeld den spesifikke situasjonen, ber vi om respekt for at vi ikkje vil kommentere detaljar, både av respekt for alle våre tilsette og dei som vi har utfordringar med, seier Neville.

Atle Gandrudbakken seier dagane hans er veldig varierande. Ein dag kan han gråte eller må til lege, andre dagar spring han i fjellet og tenkjer på kva han skal gjere framover. Han skulle ønskjer han fekk ei betre behandling av dei nye eigarane.

– Eg har sjølv sagt opp folk sjølv, men då snakkar du med dei og avtalar korleis dei skal slutte. Du gjer ein god avtale, tek personen i henda og dei får ein grei kompensasjon, seier han.