Hopp til innhold

Tøff kamp mot gamle lagkameratar på heimebane

Dei tidlegare Hønefoss-spelarane Helge Haugen og Rune Bolseth ventar seg ei krevjande batalje når Sogndal møter Hønefoss på Fosshaugane.

Rune Bolseth og Helge Haugen ventar tøff kamp på Fosshaugane mot tidlegare lagkameratar.

BLIR TØFT: Rune Haugen trur kveldens kamp blir tøff.

– Hønefoss er eit sterkare lag enn Bærum, som me vann 3–1 over i førre heimekamp. Dei har betre fysikk og vil nok revansjera den dårlege sesongopninga med to tapte kampar. Så det blir ein tøff kamp, men me satsar på at me tek med tre poeng, seier Sogndal-kaptein Rune Bolseth, som tidlegare har spelt for Hønefoss.

Kynisk lag

Også fysisk trenar i Sogndal, Helge Haugen, har ei fortid i Ringerike-klubben. Også han spår ein krevjande kamp:

– Me vil få sjå eit meir kynisk lag. Etter to tap i opninga er Hønefoss sugne på å få med seg iallfall eitt, og helst tre poeng. Men Sogndal skal spela som mot Bærum, gå aggressivt ut, vinna ballen høgt på bana og spela fin angrepsfotball.

Laster innhold, vennligst vent..

Otoo framleis på benken

Fleire spelarar er uaktuelle før kampen i kveld på grunn av skadar eller landslagsspel. Edin Øy er på samling med G18-landslaget, keeper Mathias Dyngeland er ute med brot i handa, Ruben Holsæter og Kristoffer Ryland er i opptrening etter skade, Taijo Teniste har problem med ankelen og Robin Shroot slit med kneet.

Mahatma Otoo er derimot skadefri, men må starta på benken. Kristian Fardal Opseth får fornya tillit som spiss.

Lagoppstillinga elles er: Christian Sukke – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Victor Grodås – Rune Bolseth, Petter Strand, Babacar Sarr, Ulrik Flo, Jim Johansen – Kristian Fardal Opseth.