Hopp til innhold

To veker utan pasientar på Tronvik

Etter to veker utan pasientar på post fire, er dei 26 tilsette på Tronvik urolege for kva som skjer med jobbane deira.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik

UROA: Dei 26 tilsette ved Tronvik vil vite kva planar Helse Førde har for arbeidsplassane deira.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tillitsvald for sjukepleiarane på Tronvik, Marianne Strandos, seier til Firda at dei allereie i 2010 kunne sjå at posten ville stå utan pasientar i slutten av 2012.

Post fire er ein av tre postar på Tronvik, og er ein fylkesdekkjande lukka post for langtidsskjerming.

– Vi såg også at det ikkje ville kome nye til. Dette har Helse Førdes leiing kjennskap til, seier ho og etterlyser ein plan for posten og dei tilsette der.

– Kva skjer?

Uroa for kva som skjer med posten og arbeidsplassane deler Fagforbundet sin tillitsvald, Petter Ratvik. Dei fryktar solid oppbygd kompetanse kan bli borte.

Tronvik er ei avdeling under psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Dei 26 tilsette ved tryggleiksposten jobbar no kring om på dei andre postane på Tronvik. Det skal dei også gjere dei neste tre månadene.

– Vi meiner det hadde vore greitt å vite kva som skjer etter desse tre månadene, for å kunne gje våre medlemer ein føreseieleg arbeidskvardag, seier Strandos til Firda.

Færre pasientar

Avdelingssjef for psykiatrisk klinikk, Svein Ove Alisøy, seier det ikkje er gjort noko vedtak om å legge ned tryggleiksposten på Tronvik, og at kva som skjer med den blir spekulasjonar.

– Status er at vi ikkje har pasientar innlagt og vi har heller ikkje pasientar på venteliste til tryggleiksposten. Dette er ein ny situasjon for oss og vi er i ein prosess for å vurdere mogelegheiter, seier han til avisa.

Han forklarar færre pasientar med at føretaket jobbar meir poliklinisk og har eit godt samarbeid med kommunane.