Hopp til innhold

To til sjukehus med luftambulanse

Tre personar er sende til Førde sentralsjukehus, to av dei med luftambulanse, etter ei møteulukke mellom to bilar på fylkesveg 60 mellom Loen og Olden.

Ulukke Loen Olden

LANG KØ: Det danna seg lang kø på staden etter ulukka skjedde.

Foto: NRK-tipsar

Ei kvinne i 40-åra og dottera hennar på 11 år er moderat skadde, melder politiet. Ein mann i 20-åra i den andre bilen har beinbrot.

Politiet fekk melding om ulukka på Olden-sida av Tyvanestunnelen klokka 15.12. Mannen i 20-åra kom over i motgåande køyrefelt då ulukka skjedde.

Klokka 16.15 melder politiet at to personar er sende til Førde sentralsjukehus med luftambulansar, medan ein person vart send med ambulanse. Dei hadde då fått hjelp av helsepersonell på staden sidan naudetatane kom til ulukkesstaden.

Vegen er open for trafikk frå klokka 17.26.

Laster Twitter-innhold
ulukke