Hopp til innhold

To skadde i trafikkulukke

To personar er sende sjukehuset i Førde etter at to personbilar kolliderte på riksveg 5 ved Kvåle i Sogndal. Sjåførane, ein mann i 60-åra og ei kvinne i 90-åra, var åleine i bilane. Politiet opplyser at ulukka skjedde i krysset ved avkøyringa til Kvåle, like nord for sentrum. Førarkortet til kvinna er inndrege.