Hopp til innhold

To lettare skadde etter front mot front-kollisjon

To personar er sende til legesjekk etter ei trafikkulukke ved Bekkjavatnet på E39 mellom Førde og Gaular.

Trafikkulukke i Førde

TRAFIKKULUKKE: Personbil og vogntog har kollidert ved Bekkjavatnet på E39.

Foto: NRK-tipsar

Klokka 19:45 fekk politiet melding om at ein personbil og eit vogntog hadde frontkollidert ved Bekkjavatnet. Det er dei to i personbilen som er sende til legesjekk.

– Etter det vi forstår er det snakk om lettare skadar, seier Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Føraren av vogntoget har kome uskadd frå det.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka. Begge bilane trong hjelp frå bilberging, og det var ei tid manuell dirigering forbi ulukkestaden.

SISTE: Klokka 21:30 melder Statens vegvesen at vegen forbi ulukkestaden er opna for fri ferdsel etter bilberging.