NRK Meny
Normal

To nye spissar til Sogndal

Sogndal sikra seg to angrepsspelarar før overgangsvindauget vart stengt 1. september. 22-åringane Anders Moen og Lennox Kanu er no Sogndal-spelarar.

Lørenskog-spissen Andreas Moen skreiv torsdag under ein to og eit halvt års kontrakt med Sogndal.

23 mål for Lørenskog

Moen har skåra 23 mål på 18 kampar for Lørenskog i 2.divisjon. Sogndal-trenar Stig Nord håpar spissen vil blomstre vidare i Sogndal.

- Passar godt i Sogndal

- Moen er ein spelar som vi har fylgt over ein periode, og vi føler oss trygge på at han passar godt inn i Sogndal, seier Nord.

Kanu på utlån

Dermed sikra Sogndal seg to nye angriparar før overgangsvindauget vart stengt ved midnatt. Angrepsspelaren Lennox Kanu, som kjem frå 2.divisjonsklubben Sandnes Ulf, vart også klar for Sogndal torsdag. Men han er førebels berre på utlån. Spissen frå Sierra Leone blir ikkje påverka av EØS-kvoten ettersom han har spelt aldersbestemt fotball i Noreg.

Spissen kjem i første omgang på lån ut sesongen, men Sogndal har fått opsjon på kjøp, og overgangen kan bli permanent dersom spissen gjer sakene sine bra i Adeccoligaen, skriv Sogn Avis på nettsida si.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser