To nye kraftverksløyve

NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve. Kraftverka vil gje ein samla produksjon på om lag 39 gwh årleg. Sentrale tema i vurderinga av prosjekta har vore landskap, terrenginngrep, biologisk mangfald og samla belastning, skriv NVE i grunngjevinga.