Hopp til innhold

To mista førarkortet

To bilførarar blir fotgjengarar ei stund etter ein fartskontroll på Byrkjelo i ettermiddag. Høgste fart vart målt til 87 km/t i ei 50-sone. Fire fekk forenkla førelegg med høgste fart målt til 69 km/t. Ein førar fekk gebyr for manglande bilbelte. Dette melder politiet.