Hopp til innhold

Politiet: Kom og hent ungdomane dykkar no!

To unge menn vart tysdag kveld sett i arresten, etter å ha slege til ein politimann i samband med russefesten på Sanden i Naustdal. No vil politiet at foreldre kjem og hentar ungane sine frå området!

Russefest Sanden Naustdal

VÅRTEIKN: Mange russebilar, og russ, har no kome til Sanden i Naustdal for den årlege russefesten.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Politi og frivillege vakter skal sørge for ro og orden natt til 1. mai, men alt få timar ut i festen har dei hatt nok å henge fingrane i.

Mellom anna er to unge menn sett i arresten i Førde grunna rus og vald mot offentleg tenestemann.

Politiet presiserer at desse, og andre som har vore overstadig rusa, ikkje er ein del av sjølve russearrangementet.

Tysdag kveld kjem denne klare oppmodinga frå politiet sin operasjonssentral i Florø:


«Politiet oppmodar foreldre til ungdomar som ikkje er russ eller har lovleg tilgang til "Russearrangementet" i Naustdal om å hente inn borna sine og syte for at dei held seg vekke frå staden. Dei personane politiet til no har hatt problem med er ikkje russ.»

– Dette er naturleg nok noko vi ser alvorleg på, opplyser politiet til NRK ved 22.15-tida tysdag kveld.

Strengare reglar

Etter fjorårets kaosfest, som enda med fleire valdssaker og svært mykje fyll, har reglane for russearrangementet i Naustdal blitt kraftig innstramma.

Vakthald, sanitetspersonell og uniformert politi skal sørge for at fjorårets fadese ikkje gjentek seg.

– Fin stemning

– Det virka som det var fin stemning og eg såg ingenting som tyda på at dette skulle bli ein fest som utartar seg, fortalde NRK sin mann på staden, Alf Vidar Snæland.

Men mykje folk har etterkvart samla seg i området.

– Vi skal ha inngjerding og andre fasilitetar, Røde Kors og politiet skal vere med og assistere litt. No har vi alle føresetnader for at det skal bli bra i alle fall, sa raudrusspresident på Hafstad vidaregåande i Førde, Atle Følid, til NRK nyleg.

Russefest Sanden

BLIR PASSA PÅ: Russen har natt til 1. mai sin tradisjonsrike fest på Sanden i Naustdal

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Her er politiet sin logg frå festen så langt:

KL.2113: Rus, slagsmål og vald mot offentleg tenestemann, Naustdal

«Politiet måtte gripe inn i slagsmål mellom nokre personer på "Russearrangementet i Naustdal". Då dette skjedde vart ein polititenestemann tilslegen i ansiktet.

2 unge gutar i tenåra vart tekne med til Førde lensmannskontor og innsett i arrest. Foreldre varsla. Sak opprettast.»

KL.2121: Ein person bortvist fra Russearrangement, Naustdal

«Politiet ekskorterer 1 gut i slutten av tenåra vekk frå Russearrangementet i Naustdal p.g.a beruselse. Han blir tatt med for framstilling lege og sjekk av rusgrad»

KL.2156: Ein person bortvist fra Russearrangementet, Naustdal.

«Politiet har vist bort 1 gut i slutten av tenåra vekk frå Russearrangementet, Naustdal»