Hopp til innhold

To målrike kampar i 3. divisjon

Med siger kunne både Kaupanger og Stryn henge seg på att i toppen av 3. divisjon.

Preben Strypet

Preben Strypet vart utan nettkjenning i Kaupanger, og måtte sjå Christoffer Hafsås (Eid) dra ifrå i toppen av toppscorarlista.

Foto: Årdal FK

I Stryn varta heimelaget og naborival Eid opp med ni scoringar i kveldens oppgjer.

Leia 4-2

Eid opna kampen best, men det var Stryn som sette inn dei første scoringane. Først etter 12 minutt ved Jan Marius Brekke, og etter halvtimen var same Brekke nest sist på ballen då islandske Petur Heidar Kristjansson sklei inn 2-0.

Etter kvilen vart det reine målfesten med heile sju scoringar. Gjestene frå Eid snudde kampen til 2-4 etter scoringar ved Christoffer Hafsås (2), Kim Vik og Ove Balsnes.

Stryn snudde kampen

4-2 stod seg til fire minutt før ordinær tid. Då vippa Erick Vhiestrox ballen elegant i motsett hjørne. Eitt minutt på overtid utlikna Stian Sandal for heimelaget, før Kristjan Sigurolason sette inn 5-4 to minutt seinare.

Dermed er Stryn no fire poeng bak serieleiar Tornado Måløy, og to poeng bak tabelltoar Førde.

Årdal vann 4-0

I Kaupanger nytta Årdal FK sjansen til å klatre heilt opp i ryggen på Tornado Måløy og Førde. Jørn Skjeldestad gav årdølene leiinga etter 32 minutt. Eit resultat som stod seg til pause.

Seks minutt etter kvilen dobla veteranen Ole Gunnar Hunderi leiinga etter målgjevande pasning frå Preben Strypet. Christian Stedje var nest sist på ballen då Bernard Brons sette spikeren i Kaupanger-kista med 3-0 13 minutt før full tid. I det 90. minutt sette Hunderi sitt andre for dagen på straffe og sytte for 4-0-siger for Årdal.

Serieleiaren til Jølster

Årdal-spiss Preben Strypet kunne overteke trona på toppscorarlista. Både han og Christoffer Hafsås (Eid) stod før runda med 14 mål kvar. Etter to scoringar i Stryn, tronar Hafsås åleine på toppen.

Laurdag reiser serieleiar Tornado Måløy til Jølster og Golanhøgda, medan Førde kjempar om poenga mot Florø i kystbyen på måndag.

16. runde i 3. divisjon

Fredag

Stryn - Eid, kl. 18

Kaupanger - Årdal FK, kl. 18.30

Laurdag

Jølster - Tornado Måløy, kl. 16

Vik - Høyang, kl. 16

Måndag

Florø SK - Førde, kl. 19

Sogndal 2 - Fjøra, kl. 19