NRK Meny
Normal

To førarkort rauk i Lærdal

To bilførarar fekk inndrege førarkortet i fartskontrollar i Lærdal kommune onsdag.

Politiet hadde kontrollar tre ulike stader i kommunen.

127 km/t i Lærdalstunnelen

Den eine bilføraren køyrde i 127 kilometer i timen i Lærdalstunnelen, medan den andre køyrde i 121 kilometer i timen i ei 80-sone.

Det vart i tillegg skrive ut fire forenkla førelegg for mindre fartsoverskridingar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.