NRK Meny
Normal

Desse to vert framheva blant dei største politiske talenta i landet

Kristine Lie (Frp) og Sveinung Rotevatn (V) blir trekt fram som to av landets fremste politiske talent. Jan Ottesen i rådgjevingsfirmaet Gambit H&K meiner dei vil vere med å forme framtida.

Kristine Lie og Sveinung Rotevatn

TALENTFULLE: Kristine Lie (t.v.) og Sveinung Rotevatn vert trekt fram som to av landets fremste politiske talent.

Foto: NRK / Scanpix

I eit blogginnlegg på Gambit H&K si heimeside, har Jan Ottesen som leiar av samfunnsavdelinga, laga ei liste over dei han meiner er Norges fremste politiske talent under 30 år.

– Vår tru at folka på denne lista er røyster vi kjem til å bli betre kjende med i åra som kjem. Dei vil truleg vere med på å påverke samfunnsdebatten gjennom si evne til å spissformulere og lansere idear, skriv Ottesen.

Taleevner og kunnskap

På lista over dei største politiske talenta i Norge har han han funne plass til to her frå Sogn og Fjordane. Kristine Lie frå Sogndal har i nokre år markert seg sterkt som liberal Frp-politikar, og har mellom anna vore trainee for Siv Jensen på Stortinget.

– Kristine har gjennom sine taleevner og brei kunnskap om politikk synt at ho har eit brennande engasjement, spesielt knytt til sin eigen fylkeskommune. Ho er svært oppteken av finansiering av helsetenester og infrastruktur, meiner Ottesen.

Profilert politikar i ung alder

Sveinung Rotevatn frå Eid vart valt inn på Stortinget på utjamningsmandat no i september. Han har dei tre siste åra vore leiar i Unge Venstre, og har markert seg som både ein forkjempar for nynorsken og samstundes som ein Venstre-politikar med gode politiske kontaktar både til høgre og venstre.

– Han er alt eit av partiet sine mest profilerte medlemer og har hatt ein høg profil som vi er sikre på at kjem til å vare ved. Sveinung er ein av dei nye stortingsrepresentantane som vi er sikre på kjem til å markere seg i perioden, skriv Ottesen.

Glad for merksemda

Sjølv tykkjer han at det er kjekt jobben han har gjort hittil som politikar skapar merksemd.

– Eg tenkjer jo sjølvsagt at det er kjekt at folk legg merke til det eg gjer og tykkjer at eg gjer ein god jobb. Eg har jo vore veldig heldig og fått mange moglegheiter i politikken i relativt ung alder, seier Rotevatn til NRK.

No førebur han seg til sine fire første år på Stortinget, og gler seg over å vere ein del av eit parti som no sonderer om regjeringsmakt saman med Høgre, KrF og Framstegspartiet.

Aktuelle for regjering?

– I Venstre så er det slik at det er stortingsgruppa som tek avgjerder i regjeringsspørsmål. Så det er klart at vi ni som er i den nye gruppa sjølvsagt er med på å leggje grunnlaget for sonderingane og vere meir involvert i eventuelle regjeringsforhandlingar, seier Rotevatn.

Den unge Frparen Kristine Lie har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til utspelet frå Jan Ottesen, men fleire nemner hennar namn som aktuell til ein politisk rådgjevar-post i den nye regjeringa.

Også Sveinung Rotevatn sitt namn blir nemnd av fleire som aktuell for ein posisjon i regjeringa. Men fleire nemner han som aktuell for vervet som parlamentarisk leiar for Venstre si nye stortingsgruppe.

Ofte på tvers av partiet

Ottesen i Gambit H&K har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til sine vurderingar av dei norske politiske talenta i dag. Men på lista han presenterer i bloggen sin finst både kjende, og mindre kjende namn.

Mellom anna trekk han fram Sp-kometen Ivar Vigdenes som er ordførar i Stjørdal, og Ida Lindtveit frå KrF som sit i kommunestyret i Oppegård.

–Dei personane vi har valt ut har ein viktig ting til felles; dei har vore viljuge, og i stand til, å reise spørsmål som har ført til debatt i offentlegheita, og dei har ofte valt å gjere det på tvers av det som har vore partiet sin vedtekne politikk, skriv Ottesen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser