Hopp til innhold

To blad Alexander sletta rekordar

Både Alexander Kirketeig og Alexander Høivik sletta norske rekordar under benkpress-NM i Bergen.

Alexander Kirketeig og Alexander Høivik

Alexander Kirketeig og Alexander Høivik

Foto: Privat

Juniorløftaren Høivik noterte seg for 210 kilo. Dermed sletta han også sin t er personleg rekord med fem kilo.

LES OGSÅ: Sterke prestasjonar i benkpres-NM

- Det var målet og det gjekk greitt. Eg prøvde på 215, men der svikta teknikken, seier styrkeløftaren frå Florø.

- Ein god test

Høivk siktar seg inn mot neste års EM for juniorar. Første steg på vegen er Nordisk meisterskap i slutten av april. I Bergen vann han klassa si suverent.

- Formen er god. NM var mest som ein test til Nordisk og den viser at eg er i god rute, seier han og reknar med at han innan nordisk må opp på 215 kilo i benkpress.

Går for nordisk medalje

- Det er ikkje styrken det står på, men eg må få inn teknikken, seier han. Målet i Nordisk er 700 kilo samanlagt for øvingane benkpress, markløft og knebøy. Det meiner han vil halde til pallplassering.

- Eg byrjar å komme meg i knebøy, men eg slit litt med markløft. Persen i knebøy er 235 kilo, men eg er nok god for mykje meir no. Det er markløft og knebøy som blir hovudfokus framover, seier han.

Skifta klubb

Høivik studerer økonomi i Bergen og konkurrerer for Odin etter at han for to år sidan melde overgang frå Florø. Han trur ikkje han ville vore på dagens nivå om han ikkje hadde skifta beite.

- Klubbskfitet har betydd ein del. Det er meir motiverande å trene med 20 andre. og få den støtten som eg har her, seier han.

Kirketeig med ny norsk rekord

Seniorløftaren Alexander Kirketeig frå Førde, vann si 90 kilos klassa med eit løft på 240,5 kilo. Dette er ny norsk rekord. Lagkameraten Stian Botnen fekk underkjent alle løfta sine.

I klassa senior 110 kilo, fekk også Kato Marøy (Førde) tre underkjende løft.