Hopp til innhold

Sju personar innvolvert i trafikkulukke i tunnel

Naudetatane har rykt ut etter at to bilar har kollidert i Nesbøtunnelen på fylkesveg 50 i Aurland.

Nesbøtunnelen

Det er tilsaman sju personar i dei to bilane.

– Politiaptruljen er akkurat komen på staden, det sålangt ikkje meldt om alvorlege skadar , seier Odd Arve Solvåg som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Laster Twitter-innhold

AMK i Helse Førde opplyser at dei sju innvolverte har fått tilsyn av helse på staden og er dimmiterte.

Den eine av bilane er ikkje køyrbar, og det er rekviret bilberging.

Både Berdalstunnelen og Nesbøtunnelen var ein periode stengde på grunn av ulukka, men er opna for trafikk igjen, opplyser Statens vegvesen.