Hopp til innhold

To bilar har kollidert

Naudetatane har rykt ut til eit trafikkuhell ved Nostunnelen på Panoramavegen mellom Stryn og Lote.

Nostunnelen

Det er to bilar med i alt tre personar som har kollidert. Politiet melder at den eine føraren fekk sleng på bilen og trefte ein annan bil. Ingen av dei involverte fekk personskadar etter samanstøyten.

Vegen er ikkje sperra.