Hopp til innhold

To båtar kolliderte i Førde

To personar vart sende til legevakt etter at to fritidsbåtar kolliderte i Førdefjorden natt til søndag.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Båtulukka skjedde ved Hornnes like over klokka 01 natt til søndag. Tre personar var involverte, og to av desse vart sende til legevakt for sjekk. Politiet vil sjå nærare på saka, opplyser politiet på Twitter. Det skal ikkje vere mistanke om køyring i rusa tilstand.

For politiet rundt om i fylket vart det ei hektisk natt, med mange utrykkingar. I Lærdal gjekk Jordeplerock av stabelen, og ein overstadig rusa person vart teken hand om av Røde Kors og ambulanse. Ein annan person vart funnen rusa og sovande, og han vart køyrd heim av politiet. Like før klokka 02 i natt tikka det også inn melding til politiet om to sinte personar som hadde roke i tottane på kvarandre utanfor festivalområdet. Dei vart viste bort frå staden.

Også seinare på kvelden fekk politiet i Lærdal melding om slagsmål i bygda, men partane var vekke då politiet kom fram. Det vart også utført skadeverk på eit kommunalt toalettanlegg i Lærdal, seint laurdag kveld. Ein rusa mann vart funnen sovande i ei grødt, han kvikna til då politiet dukka opp, og kom seg heim.

Ein i arresten i Florø

Fire personar slost også utanfor ein serveringsstad i Førde. Dei skal også ha angripe beteninga på staden, melder politiet, som fekk kontroll på situasjonen. Saka vert følgd opp av politiet. I same by kom det også tidlegare på natta meldingar om feststøy frå private festar, og politiet avslutta dei festlege laga.

Like før klokka 03 viste politiet vekk to personar frå ein privat fest på Leikanger, etter at dei måtte inn å mekle mellom partane. I Florø stogga ein rusa mann bilar, og nekta å flytte seg. Han ville ikkje samarbeid med politiet eller fortelje politiet kven han var. Han vart sett i arresten og blir meld for ordensuro.

I Måløy kom det også inn melding om husbråk, og politiet rykka ut. Saka blir etterforska. Seinare på natta vart det meldt om ein utagerande person i sentrum. Politiet reiste til staden og roa ned situasjonen.

Ein sakna vikinghjelm kom endeleg til rette i Måløy.

GLADMELDING: Laurdag morgon melde politiet at desse karane frå Shetland var på leit etter ein vikinghjelm. Søndag morgon melder politiet at den er komen til rette.

Foto: Eva Westvik