Hopp til innhold

To av tre fiskebåtar borte på ti år

Talet på fiskarar og fiskefarty i Sogn og Fjordane har gått kraftig ned dei siste ti åra.

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

NØGD MED NEDGANG: Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, ser lyst på framtida til fiskarane - trass kraftig nedgang i både farty og fiskarar.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Den ser dramatisk ut, Fiskeridirektoratet sin ferske statistikk over fiskefarty.

Men Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, meiner utviklinga er naturleg - og har vore naudsynt.

- Hadde vi framleis vore like mange farty som for ti år sidan, så hadde vi berre svolte ut kvarandre. Det hadde ikkje vore liv laga for nokon, seier han.

426 færre farty

Medan det i 2000 vart registrert 715 fiskefarty i fylket, var det i fjor berre att 289. På same tid er også tal fiskarar nær halvert.

Silden fortel bransjen har vore gjennom ei naudsynt omstilling, og meiner det største problemet for næringa er at dei ofte tapar mot høge løner i offshorenæringa.

- Norske fiskarar blir nærast oppkjøpte av offshore-industrien, rett og slett med statlege midlar, seier han.

Blir overbydd

Audun Maråk, generalsekretær i Fiskebåtredernes Forbund, er samd.

Fiskeribransjen blir rett og slett overbydd av den olje- og gassretta offshorenæringa.

- Du har ein offshore-flåte som er sterkt subsidiert av staten, gjennom nullskatt på reiearlaget og gjennom lønnssubsidiar på mannskapet gjennom nettolønnsordninga, seier han.

Lys framtid

Både Maråk og Silden ser likevel lyst på framtida til næringa. Generalsekretæren viser mellom anna til at auka kvotegrunnlag gir auka inntening - ikkje minst for mannskapet på flåten.

- Fiskerinæringa er ei næring som alltid vil vere i Sogn og Fjordane. Trass alt leverer vi eit råstoff som vi produserer rein og næringsrik mat av og er noko som verda treng, seier Silden.