Hopp til innhold

Tjuvjakt på hjort frå bil

I løpet av natta har nokon drive tjuvjakt på hjort frå ein bil på eigdommen til Tore Bråstad. - Eit aukande problem, seier politiet.

I løpet av natta har nokon drive tjuvjakt med rifle og lyddempar frå bil på Bråstad sitt vald.

- Eg blir opprørt. Dette er dyr vi har spart for å oppretthalde ein god hjortestamme, seier Bråstad.

 Han var i dag på lensmannskontoret for å melde forholdet til politiet, og han er sikker på at det blir skote meir hjort enn det som er lovleg.

Mistenkjer ulovleg jakt

Også politiet mistenkjer at det føregår mykje ulovleg jakt. Politiet i regionen vil no gå inn i eit samarbeid med viltnemnda i området. På den måten håpar dei å kunne avsløre tjuvjakt.

- Politiet kjem til å ha ein del kontrollar for å sjå kva som føregår, seier lensmann i Hyllestad, Egil Husabø.