Hopp til innhold

Tjuv tatt på fersken

Enda eit innbrot blei forsøkt i dag tidleg i Florø. Denne gongen lukkast ikkje tjuven.

Knust vindauge i Naustdal

Eit vindauge blei knust, men ikkje noko stole då det var innbrot i Best-stasjonen i Naustdal natt til tysdag.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

16 innbrot har herja fylket den siste veka.

Onsdag morgon forsøkte ein mann i Florø seg på eit 17. innbrot i gatekjøkkenet Go-biten i Havreneset sentrum, men lukkast ikkje. Dette opplyser operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 07:22 og pågreip mannen i 30-åra 10 minutt seinare. Politiet kan førebels ikkje seie om dette innbrotet har samanheng med innbrotet i Amfi-senteret natt til tysdag.

LES MEIR: Innbrotsraid i fylket

Kraftig auke

Bodil Høgelid er butikkeigar for Best-stasjonen i Naustdal. Natt til tysdag var det innbrot på stasjonen hennar, men ho slapp unna med eit knust vindauge.

På berre få dagar har Naustdal kommune opplevd fire innbrot, noko ho er svært overraska over.

- Det synest eg er spesielt, seier ho.

Klar auke

Fungerande lensmann i Førde og Naustdal, Svein Rød, stadfestar at det har vore ei klar auke i talet på innbrot den siste veka.

- Det har vore ein topp den seinare tida, men eg meiner vi stort sett har kontroll på dette. No i det siste har det likevel vore hendingar vi ikkje har hatt oversikt over, innrømmer han.

- Kva er det som gjer at det har vore så mange innbrot?

- Det er vanskeleg å seie. Det er vel forskjellige folk som kjem flytande på ei fjøl, trur han.

LES MEIR: - Dumme tjuvar

Kvar dag

I Sogndal har dei hatt store problem med innbrot den siste tida.

- Vi har hatt grove tjuveri både her og i kommunar i nærleiken kvar natt den siste veka, seier politioverbetjent ved Sogndal politistasjon, Einar Christensen.

Politiinspektør i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, meiner det er for tidleg seie noko om trenden for vinningskriminalitet i fylket, men stadfestar auka den siste tida.