Hopp til innhold

Tjuv robba den vesle nærbutikken natt til julaftan

HELLEVIK, FJALER (NRK): Folk i den vesle bygda er skremde over at nokon natt til julaftan braut seg inn og robba den einaste nærbutikken deira.

Tone Undertun nærbutikken i Hellevik Fjaler

TRIST MORGON: Tone Undertun er styreleiar ved nærbutikken i Hellevik. Ho tykkjer det er trasig at nokon har brote seg inn natt til julaftan.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er sjølvsagt trist og det er skremmande at det har vore folk inne på natta. Vi må no få ordna opp i all hast midt i julehandelen og sikre oss betre for ettertida. Vi må setje opp meir lys ute og passe enda betre på. Det pregar dagen vår, seier styreleiar for nærbutikken, Tone Undertun til NRK.

Laurdag ettermiddag opplyser politiet at dei har pågripe ein mann i 20-åra som har innrømma at det var han som braut seg inn i butikken. Men han skal ha sagt til politiet at han var rusa og at han ikkje hugsar noko av det som skjedde.

Stal frå grendelaget

– Innbrotet har skjedd ved at eit vindauge har blitt brote opp, og så har personen kome seg inn i butikken der dei har brote opp skapet ved kassa som inneheldt medikament og tobakksvarer. Så kan vi også sjå at det manglar øl frå butikken, seier Undertun.

Men ikkje nok med det. Tjuven tok også med seg kontantar frå sal av lodd til grendelaget og småpengane frå kaffisal i butikken.

Har funne ein del tjuvegods

– Det er kanskje ikkje dei store summane, men for ein liten butikk og til frivillige formål så er det viktige pengar. Dette er veldig trist.

Ved operasjonssentralen til politiet i Sogn og Fjordane får NRK opplyst at i alle fall deler av tjuvegodset har kome til rette i løpet av laurdagen.

Politiet på butikken i Hellevik i Fjaler

ÅSTADEN: Lokale politifolk var raskt på plass i Hellevik.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK