Kripos samla spor på funnstaden i fleire dagar etter drapet. Foto Rolf Sanne-Gundersen NRK.
Søndag ettermiddag den 6. juni vart ei ung kvinne meld sakna i Førde. Politiet sette store styrkar inn i leitinga etter kvinna, etter at ho ikkje møtte på jobb på Helsetunet i Førde. I 12.30-tida dagen etter vart den 22 år gamle sjukepleiestudenten Anne Slåtten funnen død like ved Førdehuset.
Funn på åstaden gjorde det klart at politiet i Førde jakta på ein ukjend drapsmann, og ei svært omfattande etterforsking vart sett i sving. Det lokale politiet fekk hjelp frå fleire etterforskarar frå Kripos, og på det meste jobba tilsaman 32 politifolk på skift med saka døgeret rundt.
Tips
I byrjinga vart alle ressursane sette inn på å få oversyn over rørslene i Førde sentrum den fatale søndagsmorgonen. Men politiet trengde hjelp frå publikum.
- Vi er avhengige av å få inn opplysningar frå publikum. Ikkje tenk sjølve på om dette har noka betydning, la heller politiet ta den vurderinga, var meldinga til moglege vitne.
Og tipsflaumen til politiet var stor. Men etter kvart som etterforskinga gjekk framover, vart stadig nye etterlysingar avløyste av stadig nye vitne og tips som vart sjekka ut av saka.
Spyttprøver
Folk busette langs Angedalsvegen i Førde vart rutinemessig kalla inn til avhøyr, og politiet tok spyttprøver, slik at dei kunne samanlikne DNA- materiale med funn på åstaden. Politiet arrangerte stadig nye rekonstruksjonar for å hjelpe publikum med å hugse.
Nesten to månader etter drapet verka det som om politiet stanga hovudet i veggen. Dei arbeidde nitidig vidare med å kartlegge telefonanrop, korttransaksjonar og med å kryssjekke opplysningar.
Haikaren
"Haikaren" vart etterlyst.
Men i månadsskiftet september-oktober kunne politiinspektør Ronny Iden etterlyse fem nye vitne. Av desse viste det seg at to hadde spesiell interesse. Den eine var den såkalla hettemannen, og den andre vart kjend som haikaren. Haikaren skal ha vore mellom 30 og 40 år, hatt rufsete hår og bart. I tillegg meinte vitna at han hadde ein lokal dialekt. Men igjen vart dei mange tipsa politiet fekk inn, sjekka ut.
I midten av september vart merksemda retta mot ein mann som var filma av overvakingskameraet ved sentralsjukehuset tidleg den morgonen Anne Slåtten vart drepen. Fonn bad folk om hjelp til å identifisere mannen som overvakingskameraet hadde fanga inn.
Kvinneprosjektet
Men det lensmann Kjell Fonn ikkje visste då, var at det såkalla kvinneprosjektet til politiet var i ferd med å føre fram. Politiet hadde systematisk bede kvinner som var på byen natt til søndag om å namngje menn som også var ute. Menn som hamna i dette registeret vart rutinemessig tekne inn til avhøyr og bedne om å avgje spyttprøve. Og på dette tidspunktet hadde ein mann gjeve ei spyttprøve som skulle vise seg å gje eit perfekt treff med DNA-materiale sikra på den drepne. Eit par veker seinare fekk politiet resultatet av spyttprøva han hadde gitt friviljug.
Lensmann Kjell Fonn trur dei har tatt rett mann. NRK-arkiv.
Då hadde politiet avhøyrt over 2000 vitne, sjekka 27.000 korttransaksjonar og gått gjennom 230.000 telefonanrop. Men dei hadde også systematisk DNA-testa 1232 menn. Og DNA-prøve nummer 1064 gav svaret dei hadde venta på. Det opplyste politiadvokat Sissel Kleiven då ho kunngjorde kva den 41 år gamle mannen var sikta for.
- Mannen er sikta for forsettleg drap. Bakgrunnen for siktinga er at vi har ein DNA-match, sa Kleiven.
Rett mann
Både politiadvokat Sissel Kleiven og lensmann Kjell Fonn sa dei var sikre på at dei hadde teke rett mann. Men pågripinga betydde også ein ny tragedie for ein ny familie i eit nytt lokalsamfunn. Den då 41 år gamle mannen som er tiltalt for drapet, er frå Bygstad i Gaular. Og han er ikkje dømd for ugjerninga. Det fann forsvararen hans, Ivar Blikra, det naudsynt å understreke før Sunnfjord tingrett skulle ta stilling til varetektsfengsling.
Men Sunnfjord tingrett avviste Blikra sin påstand om at 41- åringen måtte sleppast fri. Mannen vart fengsla i fire veker med brev og besøkskontroll. Han nekta straffskuld - trass i DNA funna på den drepne.
Hårfunn vart ikkje granska
Forsvarar Ivar Blikra er misnøgd med etterforskinga og kritiserer politiet. Foto Arild Nybø NRK.
I desember vart spørsmålet om vidare varetektsfengsling prøvd på nytt. No går Blikra kraftig til åtak på politiet si etterforsking, for politiet medgjev at dei ikkje har fått analysert eit stort tal hårfunn frå åstaden.
Blikra meiner DNA-beviset ikkje knyter den sikta til åstaden. Men det blir avvist av politiadvokat Sissel Kleiven.
Politiet får igjen medhald i vidare fengsling, og i førre veke vart den no 42 år gamle mannen tiltalt for forsettleg drap og valdtektsforsøk på den 22 år gamle sjukepleiestudenten.