Hopp til innhold

Tende på hytte medan sju personar låg og sov inne - no er dei tiltalte for mordbrann

To menn i byrjinga av 30-åra må i mai møte i retten, tiltalte for å ha sett fyr på ei campinghytte i Stryn camping, medan sju personar låg og sov inne i hytta.

Stryn Camping

TOK FYR: Ei hytte ved Stryn camping vart påtent i juni i 2012. No må to menn i retten, tiltalte for mordbrannparagrafen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Saka kjem opp i Fjordane tingrett 13. og 14. mai.

Det var 05-tida på morgonen 3. juni i 2012 at dei to mennene skal ha sett fyr på papir som var lagt i ein brukt eingangsgrill.

– To personar tende på ein eingangsgrill og sette han under ei hytte der det låg sju personar og sov, slik at det var stor fare for tap av menneskeliv, seier statsadvokat i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Magne Nyborg.

Har strafferamme på inntil 21 år

Ifølgje tiltalen kunne dei sju personane som låg og sov inne i hytta, lett kunne ha omkomme dersom ikkje brannen hadde vorte oppdaga i tide.

Til alt hell kom brannvesenet raskt til staden og fekk sløkt brannen.

– Tiltalen har ei strafferamme med fengsel på inntil 21 år, seier Nygård.

Statsadvokaten understrekar at politiet ser svært alvorleg på saka.

– Vi ser det som ei svært alvorleg sak, at ein medvite tenner på ting utanfor ei hytte, der ein er fullt klar over at det ligg folk og søv som er rusa, seier Nyborg.

– Var dei to tiltalte også rusa då dette skjedde?

– Dei var vel alle påverka av alkohol, seier Nyborg.

Dei to mennene er også tiltalte for å ha øydelagt og skadd hytte og inventar, på grunn av brannstiftinga.

Har gått nesten to år sidan brannen

– Det er nesten to år sidan hendinga skjedde. Er det nokon grunn til at det har teke så lang tid å få teke ut tiltale?

– Det er det vanskeleg for meg å seie noko om no, seier Nyborg.

Mennene skal, ifølgje bt.no, ha vore i Stryn i samband med den årlege motorfestivalen, og campingplassen var fullbooka då brannstiftinga skjedde.

Stryn camping ligg midt i Stryn sentrum, og har 24 hytter.