Hopp til innhold

Foreldrepar tiltalt for grov mishandling av barna sine

I fleire månader skal foreldreparet ha mishandla dei to sønene sine på det grovaste. Den eine sonen skal ha mellom anna blitt halden fast for å vere vitne til at broren blei slegen med belte.

Fjordane tingrett 14

MÅ MØTE HER: Ekteparet risikerer inntil seks år i fengsel for vald mot sine eigne barn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Komande veke må ekteparet i 30-åra møte i Fjordane tingrett. Der blir dei møtt med ein svært alvorleg tiltale etter straffelova paragraf 219, som kan gje opp til seks års fengsel:

«Den som ved å true, tvinge, begrense bevegelsesfriheten til, utøve vold mot eller på annen måte krenke, grovt eller gjentatt mishandler sin eller tidligere eller nåværende ektefelles eller samboers slektning i rett nedstigende linje»

Frå mars 2012 til november 2013 skal dei ha mishandla begge sønene i familien på det grovaste. I tiltalen heiter det mellom anna:

«Dei mishandla sonen/stesonen mange gonger ved å slå han på hendene og/eller på armar og rygg med eit belte, samt tvinga han til å sitje på knea opp over lengre tid»

Blei slegen mange gonger

Den andre sonen i familien skal ha blitt mishandla ved å bli slått mange gonger i ansiktet, halden rundt halsen og halden mot ein vegg, samt at han måtte sjå på mishandlinga av broren.

Det er peika på i tiltalen at dette også gjeld at den eine parten ikkje greip inn mot det som skjedde, eller forsøkte å hindre at mishandlinga skjedde.

Vil følgje rettssaka

NRK har vore i kontakt med aktor i saka, Sissel Kleiven. Ho vil førebels ikkje uttale seg om det som kjem fram i tiltalen. Ekteparet sin advokat, Rune Totland, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Bistandsadvokat for barna, Bente Hermansen, fortel at den eine sonen no er over 18 år og sjølv kjem til å følgje rettssaka.

Bistandsadvokaten vil krevje at delar av saka skal gå for lukka dører når den startar i Fjordane tingrett. Det er sett av tre dagar til rettsforhandlingane.