Hopp til innhold

Tilhengarar av homofilt ekteskap mobiliserer

No går fleire av kandidatane til bispedømet i Bjørgvin ut og ber folk om å kumulere kandidatane som ønskjer at kyrkja skal vie homofile.

Votering på Kirkemøtet

HAR SAGT NEI: Kyrkjemøtet har tidlegare sagt nei til vigsel av homofile i kyrkja. I fjor sa 64 delegatar nei og 54 ja.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Ein av dei er Karl Johan Kirkebø, og han er ikkje i tvil om at homofile bør få gifte seg i kyrkja.

– I den opne kyrkja skal ingen diskriminerast, og det tilseier at då må dei homofile få lov å gifte seg der, seier han.

Mobiliserer for fleirtal

På kyrkjemøtet i fjor sa 64 delegatar nei til homofilt ekteskap, og 54 sa ja. I kyrkjevalet til hausten stiller Åpen Folkekirke liste i 9 av 11 bispedøme.

Organisasjonen håpar å få valt nok folk inn i bispedømeråda til at det blir eit fleirtal for vigsel av homofile på neste kyrkjemøte.

– Når politikarane vedtek lover og reglar som er humane og likestillande, så kan ikkje kyrkja ligge bak, seier Vemund Øiestad frå Blakset i Stryn

Han, Kirkebø og Nora Baartvedt frå Voss, er tilknytt Åpen Folkekirke. Dei mobiliserer no for å få veljarane i kyrkjevalet til å krysse av bak sine namn. For Øiestad er standpunktet for vigsel av homofile grunna i både teologi og spørsmål om menneskeverd.

– Det teologiske og menneskeverdet heng veldig tett saman. Var det noko Jesus brydde seg om så var det menneskeverdet, og han var menneske for alle. Det må kyrkja forkynne i dag, seier Øiestad.

– Handlar ikkje om å stenge nokon ute

Men dei teologiske meiningane er delte.

– Det handlar om at ekteskapet er stifta frå Gud, og ekteskapet er for mann og kvinne. Den liturgien som kyrkja då skal ha må vere for ekteskapsinngåing for mann og kvinne, seier Inger Helene Nordeide

Ho er leiar i dagens bispedømeråd og førstekandidat i valet til hausten. Ho er klar på at ho ikkje vil at kyrkja skal gifte homofile, men ønskjer likevel alle velkomen.

– Ein kan ikkje vere ei inkluderande folkekyrkje og stenge nokon ute, og det er heller ikkje det det handlar om. Det er ingen som blir spurt når dei kjem til kyrkja om tru eller seksuell legning eller andre synspunkt ein måtte ha, seier Nordeide.

Ei symbolsak

Sturla J. Stålsett

FRAMTIDA: Leiar for Åpen Folkekirke, Sturla Stålsett, hevdar det er spørsmålet om kva kyrkje vi ønskjer oss i framtida som står på spel.

Foto: KIRKENS BYMISJON / NTB scanpix

Leiar for Åpen Folkekirke, Sturla Stålsett, seier homofilt ekteskap er ei viktig signalsak.

– Spørsmålet som nå står på spel ved kyrkjevalet er kva slags kyrkje vi skal har framover. Er folkekyrkja for alle, eller er den for dei spesielt engasjerte og spesielt interesserte? spør han.

Alle kandidatane understrekar at spørsmålet om homofilt ekteskap berre er ei av mange viktige saker.

– For meg er det ei symbolsak like mykje som ei reell sak – symbolsaka for ei open og inkluderande kyrkje. Sjølv om dei konservative også vil jobbe for ei open kyrkje, så blir den ikkje fullt så open når ein diskriminerer dei homofile, seier Karl Johan Kirkebø.