Hopp til innhold

Tilbyr sjeldne vaktel-egg

Dei to brørne Marius Hauge (14) og Nikolai Hauge (10) tener kroner 3,30 per vaktel-egg, og delikatessa er etterspurt blant kokkane i området.

Unge egg-produsentar

SJELDAN: Vaktelen er raudlista i Noreg, og egga blir sett på som ei delikatesse.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Eg trur ikkje det er så mange andre i området som tilbyr vaktel-egg, seier Marius Hauge (14).

Saman med broren Nikolai (10) starta han opp som eggprodusent i Naustdal for eitt år sidan. Der har dei gjort om ein gammal vedbod til ein vaktelhage, kor fuglane får gå fritt. Med registrering hos Mattilsynet er føretaket To brødre eit faktum.

Marius Hauge

FRITTGÅANDE: Marius Hauge viser fram hønsehagen.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Vaktelegg er ei delikatesse, og vi har mange kundar som er kokkar. Ein kokk bestilte nettopp 65 egg, men det var vanskeleg for oss å levere. Då måtte vi bestille egg frå ein annan leverandør. Vi har fem vaktel-høns, og dei verpar fem egg per dag, seier han.

Begynte som eit 4H-prosjekt

– For ei stund sidan hadde eg eit 4H-prosjekt der eg tok meg av nokre vaktlar. Det var kjempegøy, og eg fann ut at eg måtte ha vaktlar igjen, seier Marius.

I tillegg til vaktlar har dei ti andre høner av forskjellig rase, og éin hane.

Kvifor har de så mange forskjellige typar høns?

– Det er kjekt å sjå forskjell på dei. Det er artigare med ein flokk med mange forskjellige, enn ein flokk med heilt like høns.

– Det er veldig kostbart å trakke på eit egg

Vaktelegga kan vere vanskelege å sjå i graset, med brune og grå kamuflasjefargar.

– Dei ligg gøymt rundt omkring. For nokre dagar sidan hadde vaktlane lagt alle egga på ein uvanleg stad, og då trakka eg på dei, seier Marius.

Rugemaskin

RUGING: Her ligg nokre vaktelegg og gjer seg klare til å bli kyllingar.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Slike uhell er ikkje bra for fortenesta i den vesle bedrifta, men gutane har tru på at eggproduksjonen vil lønne seg.

– Vi skal tene pengar på dette til slutt.