Hopp til innhold

For halvanna år sidan braut han leggen tvert av - i dag gjekk han til topps i beach-turnering

Mange frykta at volleyballkarrieren til Morten Kvamsdal (23) var over då han braut leggen tvert av under ein kamp mot Tromsø. I dag gjekk han og makker Øivind Hordvik til topps i beachturneringa NEVZA Zonal.

Kvamsdal

TILBAKE: Morten Kvamsdal er tilbake der han var, etter beinbrotet for halvanna år sidan.

Foto: Dag Inge Nordby/Tone Merete Lillesvangstu / NEVSA/NRK

– Vi drog det i land til slutt, og det var utruleg herleg, seier Kvamsdal.

Sandvolleyballparet Geir Eithun og Iver Horrem var førsteseeda til turneringa, men også dei måtte gi tapt for Kvamsdal og Hordvik, og hamna til slutt på ein tredjeplass.

Også Lars Fredrik Tvinde frå Førde deltok i turneringa saman med Jonas Kvalen frå Volda. Dei enda til slutt på ein 5. plass. I turneringa deltok dei beste sandvolleyballspelarane frå Norge, Sverige, Danmark og Finland.

Turneringa var den første i sitt slag på seniornivå. NEVZA-turneringane kjem etterkvart til å bli eit viktig steg i kampen for å vinne olympiske poeng for dei neste leikane i Rio.

– Vi slo Eithun og Horrem i NM for nokre veker sidan. Det var litt ekstra godt å slå dei i denne turneringa også. Det er dei vi må slå, viss vi skal klare å vinne, seier Kvamsdal.

Først no formen er slik han var før

Han har tidlegare vore lagkamerat med Eithun, som er frå Førde, og litt venskapleg rivalisering gjer godt for motivasjonen vidare.

– Dei skal få høyre dette i løpet av vinteren, seier Kvamsdal og ler.

Men vegen fram har vore beintøff. Då Førde møtte Tromsø i januar i fjor, landa Kvamsdal skeivt etter å ha vore oppe i ei blokk.

Leggen brotna tvert av, og brått var ikkje berre sesongen over for Kvamsdal. Mange frykta også at det skulle vere slutten på karrieren for den talentfulle volleyballspelaren.

– Eg byrja tre månader før eg fekk lov av legen, til å trene beach i fjor. Først no byrjar eg å nærme meg nivået eg var på før skaden. Det var først i sommar at eg kjende att kjensla av at ting var som dei skulle. Det er godt å kjenne at eg er på rett veg, seier Kvamsdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvamsdal/Hordvik

I SIGET: Morten Kvamsdal og Øivind Hordvik vil ta medalje i OL i Rio 2016.

Foto: Dag Inge Nordby

Takkar legane for at det gjekk så bra

Han rosar legane ved Førde sentralsjukehus som lappa han saman att.

– Eg har vore litt innom sjukehus også i seinare tid, og alle skryter av den jobben som legane der gjorde. Dei gjorde alt rett, og det er takka vere dei at eg har hatt moglegheit til å spele på dette nivået att i dag, seier Kvamsdal.

Den stygge skaden har også gjort til at Kvamsdal er meir forsiktig enn han var før.

– Er det ei ting eg har lært, er det at ein må ta ting med ro. Ein må ha tolmod med trening. Før skaden, slengde eg kanskje på ti-20 kilo meir, enn eg eigentleg tolte. No tek eg ting med ro. Eg veit at eg har tid til å nå dei måla eg har sett meg, seier Kvamsdal.

Trur Norge får to lag i OL

Til liks med Eithun og Horrem, siktar også Hordvik og Kvamsdal mot OL i Rio i 2016.

– Eg har ikkje berre lyst til å delta, eg har lyst til å ta medalje. Det er ambisiøst, men målet må vere å ta med seg noko heim, slik at ein har noko å hengje på veggen når ein vert gammal, seier Kvamsdal.

Han trur Norge har ein god sjanse til å få to lag i OL.

– Viss vi gjer jobben vår, og dei gjer jobben sin, så har vi to lag i OL. Blir vi begge like gode som vi har mål om, så møtest vi i finalen. Det er ingenting som ville vere betre enn det, seier Kvamsdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Horrem/Eithun

TREDJE: Iver Horrem og førdianaren Geir Eithun tok tredjeplass i turneringa i helga.

Foto: Dag Inge Nordby

Glad for tida i Førde VBK

Laga trenar mykje saman, noko Kvamsdal meiner er med på å gjere dei alle betre.

– Når vi er på treningsfeltet, så håpar eg dei gjer sitt beste og at dei tek steg. At dei gjer det bra er godt for utviklinga av norsk volleyball, og det er godt for oss, seier Kvamsdal.

Kvamsdal fekk ein sesong i Førde, og den har han gode minne frå.

– Eg har aldri vore borte i liknande. Det var ei kjempeatmosfære, og den gjengen som er rundt det laget i Førde, er ufatteleg bra. Eg blei så godt inkludert og vart så godt teken vare på, at det var utruleg. Det er ein kjempeklubb å vere i. Eg rår alle store talent til å spele for Førde, seier Kvamsdal.