NRK Meny
Normal

Tilbake i Norgescupen - to år etter

– Det er litt anerkjenning, jublar løpsleiar John Ingar Bukve etter at Molden Opp på nytt er med i den offisielle Norgescupen i motbakkeløp.

Molden Opp 2013

NORGESCUP: Motbakkeløpet Molden Opp er tilbake som løp i Norgescupen.

Foto: Thea Øvregard Røhme

Motbakkeløpet som startar ved Lustrafjorden i Marifjøra, var også for to år sidan med i Norgescupen.

Når løparane spring over målstreken 1.116 meter over havet 21. juni, er Molden Opp det tredje av seks som inngår i årets Norgescup.

Med 100.000 kroner til samanlagtvinnaren, er det godt håp om at «storkanonene» er blant desse.

– Det er så pass mange motbakkeløp at dei heilt store namna prioriterer dei som har Norgescup-status. Det merka vi spesielt i fjor i høvet året før då vi også hadde Noregscup, seier løpsleiar John Ingar Bukve.

Einaste i fylket

Molden Opp er det einaste i fylket som har fått plass i Norgescupen i år. I fjor starta det heile med Storehaugen Opp i Lærdal, medan turen også gjekk innom Storehesten Opp i Gaular før det heile vart avrunda med Nuten Opp i Rosendal.

Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund hadde kring 20 søkjarar å velja mellom i år. Mellom desse var tre frå Sogn og Fjordane.

– Molden Opp har hatt Norgescup før, dei har eit godt arrangement og god løype, oppsummerer nestleiar Narve Heggheim i Motbakkeløpsutvalet årsaka til at arrangørane i Luster var valde.

Bukve seier at dei tidlegare har fått godt tilbakemelding på den spektakulære løypa.

– Dei likar traseen, som startar ved fjorden og målpassering på Molden, der du har utsikt over heile Indre Sogn. Er ein heldig med vêret, så er det ein skikkeleg godvêrstur, gliser han.

Blant dei brattaste

Motbakkeløpet i Luster blir ikkje blant dei lengste i år, men er med sine 1.116 høgdemeter over sju kilometer blant dei med størst stigningsprosent. Løypa har heller ikkje unnabakkar og profilerer seg med ei særs variert løype med omsyn til både løpsunderlag og stigningsprosent.

Mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen.

– Spesielt for trimmarane, born og unge, så er det flott med opphaldsvêr, seier Bukve.

– Meir stas

Løpsleiaren håpar at Norgescup-statusen ikkje berre får utslag på kjende namn i konkurranseklassa.

Sidan samtlege løp går i god tid før VM i Cassette di Massa 14. september, blir alle løpa i Noregscupen i praksis å rekne som uttaksløp. Dermed er det ikkje berre premiepotten til samanlagtvinnaren som aukar sjansen for å sjå store namn på startlista i Luster.

– Vi plar vere 130–160 i konkurranseklassa, og tett opp under 800 i mosjonsklassa. Men det er ikkje til å leggje skjul på at det hadde vore artig å bikka 800 i år, seier han.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

– Gjer de noko meir stas på arrangementet no som de også er Norgescup?

– Det blir jo meir stas om ungdomar og yngre løparar ser meir kjende namn leggje ut i løypa. Og så blir det kanskje litt meir stas å få dei opp på podiet under premieutdelinga.

Solide løyperekordar

For to år sidan knuste Tomas Bereket (Larvik Turn) og Heidi Weng (Bul) løyperekordane for det no fem år gamle motbakkeløpet. Desse står framleis etter arrangementet i fjor.

Bukve trur at løyperekordane på 46:07 i herreklassa og 54:22 i kvinneklassa er så pass sterke at dei står også etter årets utgåve.

– Det er vel kanskje eit lite håp, men løpa for to år sidan blir tøffe å slå, seier Bukve.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy