Hopp til innhold

Rykte ut til husbråk - fann mann med kuttskader

Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus med kuttskader etter husbråk i Førde måndag kveld.

Førde på kveldstid

ILLUSTRASJON: Ein person er sendt til sjukehus med kuttskader etter husbråk i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Naudetatane rykte kring midnatt ut etter melding om uro på ei privat adressei Førde. Det hadde oppstått ei konflikt mellom eit sambuarpar, ei kvinne i 20-åra og ein mann i 30-åra.

Mannen fekk lettare skader og vart sendt til sjukehus.

Like over klokka eitt opplyser politiet at dei førebels ikkje veit om det er brukt våpen.

– Det er uklart kva gjenstand som er nytta, men vi veit det er kuttskader. Ein patrulje er på staden no for å undersøkjer nærare kva som er skjedd, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet vil ikkje seie om det var andre personar i bustaden som varsla om hendinga.