NRK Meny

Til sjekk etter utforkøyring

Føraren av ein semitrailer vart sendt til sjukehus for sjekk etter at bilen hamna utfor vegen på fylkesveg 60 ved Hellesylt i Møre og Romsdal. Bilen køyrer gods for Lerum Frakt i Sogndal, og føraren skal vere uskadd. Ifølgje Sunnmørsposten har semitraileren rive med seg autovernet og landa vel 20 meter nedanfor vegen.