Hopp til innhold

Til fjells på stølkonsert

FØRDE (NRK): I år tok Førdefestivalen og turlaget med både små og store konsertgjengarar til Halbrendstøylen i Førde. Med typisk vestlandsvêr var stemninga likevel god.

Stølkonsert

TIL FJELLS: På Halbrendstøylen i Førde samla nær 200 små og store seg til konserten med Morgonfrosken.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Dette er vi jo eigentleg vande med, for sånn er juli på Vestlandet, humrar Annlaug Børsheim.

Annlaug Børsheim var saman med gruppa Morgonfrosken det som skulle lokke festivaldeltakarane opp til Halbrendstøylen i Førde.

Under open vestlandshimmel med mørke skyer var nær 200 personar samla. Ein halvtimes gåtur måtte til før både born og vaksne kunne komme fram til familiekonserten.

– Dette er eit fantastisk arrangement som Førdefestivalen og turlaget har ordna til. Både med tanke på turen opp her, men og at vi får lov til å spele, seier Børsheim.

Det var ikkje første gongen denne gjengen hadde utekonsert.

– Vi har gjort det eit par gonger før. Med meir eller mindre hell, fortel Børsheim.

Stølkonsert

FOLKEMUSIKK: Gruppa Morgonfrosken spelte folkemusikk med eit snev av både vals, halling, rudl og reinlender.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Hadde mat til alle, og litt til

Førdefestivalen tok verdsmusikken til fjells på stølen til Kirsten Årdal og Kjell Ove Årdal.

– Det var Førdefestivalen som spurde om dei kunne komme opp her, noko vi tok vi på strak arm. Det synest vi er utruleg huggeleg. Difor har vi laga til på beste måte for at alle skal trivast, seier Kirsten Årdal.

Kirsten Årdal

MYKJE BAKST: Kirsten Årdal hadde bakt alt frå lefser til skillingsbollar for å mette alle på konserten.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Graset var klipt, og bordet var pynta med både revebjøller og lykter. Kirsten Årdal var tidleg oppe for å førebu maten som skulle mette svoltne festivaldeltakarar.

Sist det var arrangert liknande konsert på Halbrendstøylen, samla det seg kring 150 personar. Matutvalet var difor av det rikhaldige slaget for svoltne turmagar.

– Eg byrja med å bake skillingsbollar, og steike vaflar, og eg har tatt opp forskjellig bakst som eg hadde i frysen. Ellers har vi lefser, potetkaker, mjølkekaker og sjokoladekake som vi har bakt. Vi har iallfall nok mat. Trur eg, avsluttar Årdal.

Kakebord

MAT TIL STORE OG SMÅ: Alt frå kaker til lefser var på bordet då Førdefestivalen og turlaget inviterte til stølkonsert.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Eit ungt og ærleg publikum

Eit ungt publikum strøymde til konserten for å høyre den folkeinspirerte musikken med eit snev av både vals, halling, rudl og reinlender.

– Det er songar med tekstar som er skrevet av Per Olav Kaldestad. Desse er henta frå ei bok med dikt som heiter Når morgonfrosken syng. Dikta handlar om alt frå froskar, universet, kjærleik og litt større ting, seier Borsheim.

For Borsheim er det å spele for born noko av det kjekkaste ho veit om. Sjølv om dei kan vere av det litt ærlege slaget.

– Om born ikkje liker musikken, så får du tilbakemelding om det. Borna kan vere veldig engasjerte og nyfikne. Skulle det ikkje engasjere, så går dei eller seier at dette ikkje var noko spesielt kjekt.