Hopp til innhold

Tidlegare Ap-politikar truga med å drepe kjend politisk journalist

Ein tidlegare kommunestyrepolitikar frå Arbeidarpartiet er tiltalt for å ha truga med å drepe den kjende Bergens Tidende-journalisten Mathias Fischer.

Mathias Fischer, Venstre

TRUGA PÅ LIVET: Mathias Fischer (biletet) er kommentator i Bergens Tidende. No er ein mann frå Sunnfjord tiltalt for å ha truga Fischer på livet.

Foto: Privat

Neste veke må den 48 år gamle mannen møte i Fjordane tingrett i Førde. Han skal møte i ei såkalla tilståingssak, noko som tyder at han har lagt korta på bordet og tilstått det han har tiltalt for.

Bakgrunnen for saka er at den tidlegare politikaren 20. august i 2014 skreiv følgjande i kommentarfeltet til bt.no:

Grove trugsmål i kommentarfelt

«Kan noka vere så snille å slette kommentarane mine? Dersom det ikkje skjer innan ei time kjem eg til å sprenge hele bygningen til Bergens Tidende til helvete! Eventuelt ta livet av ei journalist eller redaktør»

Vidare skreiv mannen eit innlegg direkte retta mot journalist og kommentator Mathias Fischer:

«Møter eg deg på gata tar eg livet av deg»

Bergens Tidende i Krinkelkroken

SKULLE SPRENGE: Den tidlegare politikaren truga med å sprenge Bergens Tidende sitt hovudkontor i Krinkelkroken i Bergen sentrum.

Foto: André Marton Pedersen

– Alvorleg trugslar

NRK har vore i kontakt med Mathias Fischer. Han vil ikkje kommentere det som kjem fram i tiltalen og syner til redaktør i Bergens Tidende, Gard Steiro. Steiro ser alvorleg på det som har skjedd.

– Vi meinte at trugslane var alvorlege og meinte det var rett å gå til politiet og be dei undersøke kven som hadde kome med desse truslane. Generelt så ser vi alvorleg på den typen trugsmål mot journalistar, seier Steiro til NRK.

Han fryktar at alvorlege trugslar kan gjere det vanskelegare for journalistar å gjere jobben sin, og at dei då kan hamne i ein situasjon der ein vegrar seg for å skrive kontroversielle saker.

– Eg synest det var som forventa at denne saka skulle bli etterforska og teke på alvor. Det skulle elles berre mangle. Så synest eg nok at det har teke litt lang tid for politiet å få saka til retten, men eg er glad for at den har kome dit den høyrer heime.

Sat i kommunestyret

Det er politiadvokat ved Hordaland politidistrikt, Ørjan Ogne, som har forma ut tiltalen mot den tidlegare politikaren. Han vil heller ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt. I tiltalen blir det lagt vekt på at trugslane er eigna til å framkalle alvorleg frykt.

Mannen som no er tiltalt for dei alvorlege trugsmåla var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i ein kommune i Sogn og Fjordane frå 2007 til 2011.

Han er ein svært aktiv skribent i sosiale medium og i kommentarfelt i nettavisene, og har og sin eigen blogg der han legg fram sine synspunkt på politiske saker.

NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få ein kommentar frå mannen, førebels utan å lukkast.