Tidenes beste eksport-månad

Oktober var den beste månaden for eksport av norsk sjømat nokosinne. Det viser tal frå Norges sjømatråd. Noreg eksporterte 251.000 tonn sjømat i oktober til ein verdi av nesten 10 milliardar kroner. Volumet fall med 12 prosent, medan verdien steig med 10 prosent i forhold til i fjor.