Men lokale bankar har gjort avtale med Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforening om at dei som har lån kan utsette innbetalingane av renter og avdrag utan ekstra kostnader. Bankane er også villege til å yte kreditt ut over dette dersom nokon treng det i ein overgangsfase.
Al-Zayani ber bankane vise fleksibilitet
Hamid Rashid Al-Zayani har sagt at dersom bankane kan vise litt meir fleksibilitet og bedrifta kan drivast meir effektivt, kan dei tenkast å skyte inn pengar nok til å redde bedrifta.
Administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane Arvid Andenæs vil ikkje seie anna enn at dei gjorde ei totalvurdering av situasjonen som gjorde at dei valde å seie opp garantiavtalen. Dermed skapte bankane meir hovudbry for gjeldsnemnda.
For utan pengar får dei heller ikkje kjøpt flytande metall hos Hydro. Laurdag stansa nemleg Hydro leveransane av flytande metall til Fundo. Det betyr at det kan bli produksjonsstans allereie tysdag, fortel direktør ved Fundo, Arvid Ullebø.
Dette er kritisk for ein fabrikk som er avhengig av å levere fortløpande. Bilfabrikkane opererer ikkje med lager, og produksjonen er lagt slik at nye trailerar med felgar skal opne dørene mot samlebandet kvar einaste dag.
Opp til bilprodusentane
Og det er no opp til bilprodusentane om Fundo Wheels kan fortsette produksjonen etter midnatt. Det er konklusjonen etter møtet mellom gjeldsnemnda, kreditorar, eigarar og leiinga ved Fundo i dag.
Bilprodusentane Audi, Volvo, Saab og BMW er avhengige av fortløpande felgleveransar frå Fundo, og skal ha klart eit svar seinare i kveld. Om dei seier nei til å skyte inn pengar er sjansen for at Fundo går konkurs stor, i fjølge leiar i gjeldsnemnda, Knut Ro.