Hopp til innhold

Telenor har hendene fulle – ti basestasjonar ute berre i Sogn og Fjordane

Meir vind og uvêr det neste døgnet kjem ikkje gunstig for eit allereie hardt råka Telenor. Berre i Sogn og Fjordane er 140 kundar utan fasttelefon og 260 utan breiband grunna feil på basestasjonar.

Telenor sine sentralar og basestasjonar er sårbare for straumbrot.

KRØLL: Mykje uvêr har ført til store problem for Telenor på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane er ti basestasjonar ute.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

– I tillegg er det mykje feil nærare kunden, der ein eller fleire kundar er råka, seier informasjonssjef Catharina Kokkim i Telenor.

Ti basestasjonar

Kraftig vind, straumbrot og lynnedslag har gitt Telenor problem i vestlandsfylka. I Sogn og Fjordane har telegiganten ti basestasjonar.

Den største feilen er i Kalvåg der 104 abonnentar er utan breiband grunna brot i ein sjøkabel .

– Dei fleste område er godt dekka når det gjeld mobiltelefon. Det store unntaket er dei som er råka av sjøkabelfeilen utanfor Bremanger, seier Kokkim.

– Når vi har slike basestasjonar ute, så påverkar det kapasiteten om veldig mange brukar breiband eller mobiltelefon samstundes, legg ho til.

Ugunstig med meir uvêr

Catharina Kokkim

INFORMASJONSSJEF: Catharina Kokkim seier nytt venta uvêr er dårleg nytt for Telenor.

Foto: Telenor

Informasjonssjefen understrekar at statusen i Sogn og Fjordane er god sjølv om basestasjonar er ute. Også Hordaland, Rogaland og Nord-Norge er hardt råka.

Etter tre veker med uvêr langs kysten, vedgår Kokkim at meir uvêr er dårleg nytt.

– Vi har allereie mykje som skal gjerast. Meir uvêr fører til fleire feil og gjer at det kan bli komplisert å få alt i mål, seier Kokkim.

Ei veke rettetid

– Vi følgjer godt med og har beredskapsteam som jobbar fokusert og har overblikk. Vi førebur også å auke kapasiteten på dei som er ute og rettar i dei mest råka områda, legg ho til.

Eit kabelskip er laurdag venta til Kalvåg for å reparere sjøkabelen mellom Florø og Bremanger. I Eikefjord ventar ein på flyvêr for å rette feil på Hatlesetnipa.

– Rettearbeidet blir påverka av vêr og ryddejobbar, men vi prøvar å rette så raskt som råd, seier Kokkim.

Lenger rettetid enn vanleg

Råka kundar bør vere budde på noko lenger rettetid enn vanleg. Kokkim håpar dei fleste feila er retta innan ei veke.

– Vil vil, og må alltid, vere å starte med dei mest kritiske feila først. Dei som råkar mange, eller kritiske institusjonar. Så jobbar vi oss nedover lista, seier ho.

Også Enivest blir råka av nokre av feila hos Telenor.

Stor pågang

Verksemda sette opp ei reserveløysing i Bremanger som gav kundane internett. Mellom 50 og 100 kundar er framleis utan TV. I tillegg har Enivest feil på nokre mindre sendarar.

Dagleg leiar Nandor Helgheim seier dei har måtte flytte fleire folk over til kundeservice for å ta hand om all pågangen.

– Det har vore ekstremt mykje lynskadar. Er det feil på kundeutstyr, så sender vi nytt modem same dag vi får melding om feilen, seier han og legg til at dei som Telenor må prioritere feilretting på utstyr som dei sjølve har kontroll på.