NRK Meny
Normal

Thea gjorde plate av sorga si: – Det er veldig sterkt og eg er veldig stolt

Thea Hjelmeland har lagt bak seg tøffe og sorgfulle år. No har ho sett tekst og musikk til kjenslene sine.

Thea Hjelmeland

PLATE: Thea Hjelmeland gir mykje av seg sjølv i si neste plate. – Eg er arveleg belasta med kunst og musikk. Foreldra mine lærte å bruke musikk som verktøy til å uttrykke mine indre kjensler. Eg er ein veldig open person og har behov for å uttrykke meg sjølv gjennom musikk, seier ho.

Foto: Andrew Amorim

I midten av september slepp Thea Hjelmeland oppfølgjaren til debutalbumet «Oh, the third».

Albumet har fått namnet «Solar Plexus», og er ei svært personleg plate.

– Eg har brukt musikken og tekstskrivinga til å tilarbeide kjenslene og det eg har vore igjennom siste åra, seier Førde-artisten.

Sleppte singel

Debutplata vart varmt motteken og hausta gode kritikkar. På det nye albumet har ho både ny produsent og nye musikarar.

Som ein forsmak på det som ventar, sleppte ho i dag singelen «Feathery». Ei låt ho skildrar som sterk og personleg.

(Artikkelen held fram under musikkvideoen)

– Den handlar om lengselen etter å vere fri og kunne fly vekk, men utan å flykte. Å kunne fly fritt og vere i eitt med seg sjølv og alt rundt, utan hindringar, fortel Hjelmeland.

Kjærleikssorg

Plata ho neste månad slepp på Åmot Operagard, er ein presentasjon av hennar inste tankar og kjensler siste åra. Siste åra har nemleg vore ei tøff tid, med ein veldig tung sorgprosess.

Thea Hjelmeland - Feathery

SINGEL: I dag kom Thea Hjelmeland med sin nye singel. 12. september blir det plateslepp på Åmot Operagard for albumet «Solar Plexus».

Foto: Platecover

Skriveprosessen har vore djuptgåande og Hjelmeland fortel den har fungert som ei form for terapi. Den har også vore utfordrande.

– Låtskrivinga har kosta meg mykje og gjeve meg stort tilbake. Det har vore ei tilarbeiding av ei livskrise og ei kjærleikssorg eg ikkje hadde førestilt meg at ein kan oppleve, seier Hjelmeland.

Terapi

– Komponeringa har vore terapeutisk og eg har tvunge meg sjølv til å uttrykke alt; rive meg sjølv ut av komfort-sona og ut av den selektive handteringa av kva kjensler som skulle vere synlege for andre enn meg sjølv. Konfrontere og sleppe taket, rett og slett, utdjupar ho og seier ho førebels ikkje kjenner seg klar for å gå djupare inn på den tunge tida.

– Men som resultat av det, meiner eg musikken er blitt veldig sterk, og eg har kome meg gjennom kjensler som gjer at ein set att med ei lette, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser