Hopp til innhold

Terina får kritikk

Gilde sitt dotterselskap Terina i Sogndal får kritikk for dårleg internkontroll i rapporten om e.coli-skandalen som vart lagt fram fredag.

Terina Sogndal
Foto: Scanpix

Men det er Folkehelseinstituttet og Mattilsynet som får skarpast kritikk frå det regjeringsoppnemnde granskingsutvalet.

Kjelda til smitten som førte til at eit barn døydde og 18 personar vart sjuke kunne vore funne tidlegare om samarbeidet hadde fungert betre, meiner utvalet.