Hopp til innhold

Sette fyr på julelysa 25 centimeter frå husveggen – no må sunnfjordingen i fengsel

Samstundes som det var tre bebuarar i huset, helte den rusa sunnfjordingen tennvæske over juletrelysa og tende på bålet 25 cm frå husveggen. Med ein hammar stilna han fleire brannvarslarar.

Brann bål utanfor hus

TENDE PÅ: Då mannen ville tenne på dei elektriske julelysa, gjorde han det kloss inn til husveggen.

Foto: Truls Kleiven

Mannen i 30-åra er funnen skuldig i å ha starta ein brann som lett kunne medført tap av menneskeliv. Han er også funnen skuldig i å ha øydelagt fleire av brannvarslarane i huset.

Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i sju månader. Til frådrag i straffa kjem 20 dagar varetektsfengsling.

Påstanden frå påtalemakta var fengsel i eitt år og ein månad, der to månader vart utsett med to års prøvetid.

Juletrelys

Det var på nattetid i romjula 2013 at mannen bestemte seg for å setje fyr på nokre elektriske julelys. For å få fyr på bålet henta han både papirposar og telys, samt helte over tennvæske. Så gjekk han inn for å følgje bålet frå vindauget.

Mannen takka nei til spørsmål frå eit vitne om hjelp, samstundes som røyken seiv inn i bygningen og utløyste brannalarmen.

Forsøk på å sløkkje bålet med brannsløkkingsapparat resulterte i tjukkare røyk. Inne knuste han brannvarslarar med ein hammar for å stilne lyden.

«Brann godt»

Bålet brann godt då politiet kom fram, og tenestemennene fekk sløkt brannen. Det oppstod ingen materielle skade på bygningen, men bordkledningen hadde merke av sot.

Mannen har heile vegen nekta straffskuld, men erkjende i retten at han hadde tend opp eitt bål utanfor huset. Retten festa ikkje lit til at mannen hadde kontroll på bålet, og at det ville slokne av seg sjølv.

Sunnfjordingen var først sikta etter mordbrannparagrafen, men denne vart nedjustert til brot på straffelova paragraf 151.

– Den skil seg frå mordbrannparagrafen ved at skuldkravet er aktlaust, og at det gjeld i dei tilfelle der ein aktlaust har voldt brann der menneskeliv lett kunne gått tapt, sa politiadvokat Trine Erdal før rettssaka.

– Bebuarane var i fare

Sakkunnig i saka slo fast at det berre var tidsspørsmål før brannen spreidde seg til bygningen.

For retten var det straffeskjerpande at mannen tente på bålet på nattetid, der ein må vente at bebuarane sov.

– På grunn av plasseringa av bålet, kombinert med bruken av materiale som avga farlege gassar, bruken av tennvæske og det faktum at tiltalte hadde ope vindauge, er det klart at dei bebuarane som var i bygningen var i stor fare, skriv tingrettsdommar Ida Kristin Bøen.

Brukte narkotika

Sunnfjordingen, som også tidlegare er straffa for narkotikabrotsverk og vald mot tenestemenn, erkjende også å ha kasta ein hammar mot ein tenestemann under evakueringa.

Mannen stod i tillegg tiltalt for å ha nytta narkotika den aktuelle kvelden, samt å ha oppbevart narkotiske tablettar ved eit seinare høve. Dette erkjende han.

Til slutt erkjende han straffskuld for å ha kledd seg ut som ein elektrikar og fjerna ein myntautomat frå ei vaskemaskin.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 9.000 kroner i erstatning til Flora kommune.