Hopp til innhold

Først vart tenåringen stogga for høg fart, så såg politiet inn i bilen...

Snøballen byrja raskt å rulle då politiet stogga den tidlegare ustraffa tenåringen i fartskontroll.

For det var ikkje berre fartsoverskridinga hordalandspolitiet avdekka ved E39 i Romarheimsdalen i april i fjor.

I bilen til sunnfjordingen fann politiet 113,5 gram marihuana. I avhøyr dagen etter erkjende han også å ha kjøpt ytterlegare 80 gram marihuana under ein bergenstur kring to veker tidlegare.

Mannen samtykka til at saka kunne gå for Fjordane tingrett som ein tilståingsdom. Retten la vekt på at sjølv om stoffet var til eige bruk, så er det mengda så pass stor at det er ei viss fare for spreiing.

Omgang med nær 200 gram plar straffast med ei kortare fengselsstraff, men retten meinte samfunnsstraff ville vere passande for den tidlegare ustraffa sunnfjordingen.

Sunnfjordingen, som er i slutten av tenåra, har brote med sitt tidlegare miljø og har sidan mai i år levert frivillige urinprøvar til politiet. Alle, utanom prøva den første veka, har vore fine.

Sjølv om mannen la aller korta på bordet i første avhøyr, vart saka først ferdig etterforska i slutten av juni i år. Sunnfjordingen kan ikkje lastast for at saka hadde blitt så gammal og retten samtykka med påtalemakta at det skulle føre til mildare straff.

Fjordane tingrett fann 57 timar samfunnsstraff passande. Straffa skal gjennomførast i løpet av 120 dagar.

Alternativt må mannen sone 60 dagar i fengsel. Tre dagar varetekt kjem til frådrag til fengselsstraffa.