Hopp til innhold

Tenåring mistenkt for nett-svindel

Ei ny sak med svindel over Internett er under opprulling i Sogn. Politiet mistenkjer ein tenåring for minst ti svindelforsøk.

 

Ungdommen har lyst ut mobiltelefonar for sal på Internett, motteke førehandsbetaling, men ikkje levert telefonane.

Politiførstebetjent Svein Inge Harberg i Luster seier dei kom på sporet av guten i samband med etterforskinga av ei tilsvarande sak frå Balestrand.

Balestrending svindla 50

Telefonane har berre eksistert på papiret. Kundar har kjøpt eller betalt inn depositum på alt frå 200 kroner til nokre få tusenlappar, men telefonane har aldri dukka opp og pengane er forsvunne.  

I Luster kjenner dei så langt til 10 tilfelle der kundar skal ha blitt lurte på denne måten - fire av dei har meld saka til politiet. Harberg seier dei ser denne saka i samanheng med svindelsaka frå Balestrand der ein ungdom er sikta for å ha svindla meir enn 50 personar på internettsida finn.no. 

- I ein del saker kan det vere ein samanheng.  

Ein til kan vere involvert

- Betyr det at det kan vere fleire som har delteke i denne svindelen?  

- Det er noko som vi fullt ut ikkje har fått avdekka. Men det kan vere ein person til som i større eller mindre grad er involvert i desse sakene.

Politiet held fram etterforskinga med full tyngde.

- Vi jobbar med å få inn ein del meir opplysningar som skal avdekke omfanget av saka, i tillegg til å få avklara ansvarsdelinga mellom dei to involverte i desse sakene, forklarar Harberg.