Hopp til innhold

Tenåring til sjukehus - hoppa ut av bil i fart

Ein tenåring er sendt til sjukehus etter at han hoppa ut av ein bil i fart i natt.

Hendinga vart meldt klokka 2346. Guten var rusa då han hoppa ut av bilen i Fjaler.

– Bilen hadde låg fart, men det skal ikkje mykje til for å skade seg. Han hadde flaks at dette ikkje gjekk verre, får NRK opplyst ved operasjonssentralen i Florø.

Truleg vassplaning

Politiet har ikkje fått klarlagt kva som skjedde, då dei ville vente med avhøyr til guten var blitt edru.

Også i Vågsøy var det trafikkuhell seint i går kveld. Like før klokka 23 fekk politiet melding om ein bil i autovernet ved Skoratunnelen.

Bilen fekk store skader og ei jente i tenåra vart teken med til legevakt for sjekk. Det skal ikkje vere mistanke om promille.

– Det var vatn i vegbana, så det kan tenkast at det har vore ei medverkande årsak. Men dette er noko vi må sjå nærare på, opplyser politiet.

Tok seg av rusa

Like over klokka 01 tok politiet i Sogndal med seg ein rusa mann i 30-åra frå sentrum. Politiet opplyser at mannen var ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Han vart difor teken med til arresten der han fekk sove ut rusen.

På Sandane, der det i helga blir arrangert Sandanedagane, vart ein overstadig rusa tenåringsgut køyrd heim av politiet.

Og på Årdalstangen, der det i helga er mykje folk samla under Målrock, måtte politi og helse ta seg av ein godt rusa mann i 40-åra ved ein utestad.