Hopp til innhold

Tenåring dømd for mobilsvindel

Ein tenåring frå Sogn er i tingretten dømd for omfattande mobilsvindel.

Guten la mobiltelefonar ut for sal på Internett, kravde inn fleire tusen kroner i porto frå kundane, men leverte aldri ut telefonane.

Det var før jul i fjor at ungguten fann ut han skulle tene pengar på å selje mobiltelefonar via Internett. Kring 50 kundar beit på tilbodet og betalt inn forskot men fekk aldri telefonane dei hadde bestilt.

Til privat forbruk

I tingretten vedgjekk den unge sogningen berre delvis skuld. Han forklarte at planen var driva inn gjeld, bruka pengane på billige mobiltelefonar frå Sverige og selja dei vidare med forteneste. Men han fekk aldri tilbakebetalt noko gjeld. Likevel nytta han nesten alt av dei om lag 8.000 kronene han kravde inn i porto til privat forbruk.

Skuggeøkonomi

Under rettssaka hevda tenåringen at han hadde tent store summar på nettpoker, og at han hadde lånt ut over 100.000 kroner til kameratar. Det var delar av denne gjelda han ville driva inn og bruka på mobilforretninga.

Retten peika på at den domfelte såg ut til å ha ein slags skuggeøkonomi, sidan han hevda å skjula pokergevinstane for foreldra ved å setja pengane inn på kameratane sine konti. Desse uteståande midlane viste seg å vera vanskelege å inndriva. Retten meiner den domfelte faktisk ikkje hadde disponible pengar, og at det var årsaka til at salsavtalane gjekk i vasken.

- Fråskriving av ansvar

Retten meiner og at han burde vita at han etterkvart ikkje skulle gjera fleire avtalar, for då han mottok pengar frå dei siste kjøparane hadde han allereie fått problem med dei første. Retten tykkjer det å satsa på at det skal gå bra er ei fråskriving av ansvar som kundane må vernast mot. Retten meiner difor at 16 dagar fengsel på vilkår og 5000 kroner i bot er ei passande straff.