Hopp til innhold

– Dette er nett som puddersnø

Dei er vande med å kaste seg utfor snødekte fjellsider, men måndag tok eit knippe skientusiastar seg utstyret med seg på eit litt anna underlag, nemleg Sognefjorden.

Video Dei prøver skia i det våte element

Sjå tv-reportasjen frå ski-stuntet i Sognefjorden.

– Vi skal prøve å ta eit par kule bilete og stå på telemarksski bakpå ein båt, seier Øystein Nondal før han jumpar uti fjorden frå ei kai i Amlabukti i Kaupanger.

«Funkar det på vatn òg?»

Fortuan telemarkski, har karane med seg snøbrett og telemarkski - og ein habil fotograf med vasstett kamera.

– Eg vil prøve å få til noko som eg ikkje har sett før. Eg veit ikkje om vi får det til. Desse folka er flinke til å stå på ski, men funkar det på vatn òg?, undrar fotograf Thomas Morel som fekk ideen til skistuntet.

(Artikkelen held fram.)

Snøbrett på Sognefjorden

SNØBRETT: Slik ser det ut når frikøyrarar byter ut kvit snø med blågrøn Sognefjord.

Foto: Thomas Morel, TMstudios

Så er galskapen i gang. Med drahjelp frå ein hurtigåande båt får både telemarski og snøbrett vatn å gå på. I strålande vestlandsvêr får den eine skibomsen dristigare enn den andre tøffe seg framfor kamera.

Og korleis det gjekk?...

Lengtar til fjells

– Det var forbausande likt puddersnø, når ein først kjem seg opp, meiner Konrad Fagertun.

(Artikkelen held fram.)

Snøbrett på Sognefjorden

FOR FOTOGRAFEN: Fotograf Tomas Morel i Feios fekk idéen til å teste ut snøreiskapa på fjorden.

Foto: Thomas Morel, TMstudios

Jørn Sandvik Nilsson er derimot meir skeptisk. Han lengtar til høgfjellet.

– Eg trur det blir med denne gongen her. Eg kan leike meir på vatnet, men eg gler meg til vinteren kjem, eg, konkluderer Nilsson.

Men trass litt usemje kring konklusjonen, både utstyret og gutta boys fekk seg ein manndomsprøve heilt utanom det vanlege på - og i - Sognefjorden.