Hopp til innhold

Telemarksgull til Fiskaa Haugen

Sarah Fiskaa Haugen frå Luster tok NM-gull i telemark på heimebane laurdag ettermiddag.

Sarah Fiskaa Haugen

TOK FØRSTEPLASSEN: Sarah Fiskaa Haugen sikra seg gullet i juniorklassen.

Foto: Truls Kleiven

Sarah Fiskaa Haugen er ein av Norges beste i telemark og deltok nyleg i junior-VM. 16-åringen som representerer Luster Telemark, kjempa seg inn til gull i juniorklassa i klassisk sprint under dagens renn.

– Første omgang var eg ikkje nøgd med, men i andre omgang gjorde eg det veldig bra, fortel ho.

Det er tre år sidan sist NM i telemarkskøyring blei arrangert i bakkane ved Sogn Skisenter. Denne helga er landets beste igjen tilbake, og om lag 140 deltakarar stilte til start på Heggmyrane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sarah Fiskaa Haugen frå Luster tok NM-gull i telemark på heimebane laurdag ettermiddag.

SJÅ VIDEO: Slik køyrde Sarah inn til NM-gullet.

Krevjande løype

16-åringen var den yngste som stilte i juniorklassen som er for 17–21-åringar.

Når ein vinnar skal kårast, er det ikkje berre tida i mål som er avgjerande. Det står vakter ved kvar port som gir tillegg i tida dersom stilen ikkje er bra nok.

– Både fart og stil tel, i tillegg til hoppa. Løypa i dag var krevjande, med tette portar og utfordrande løype, seier ho.

Målet er å halde fram med telemarkskøyring og bli så god som mogleg.

– Eg har lyst å vinne meir og også køyre i verdstoppen. Eg trenar veldig mykje, seier ho og legg til at miljøet innan telemark er veldig bra.

Vil bli så god som mogleg

Haugen blir 17 år i løpet av året og er elev ved Sogndal vidaregåande skule. Der går ho på idrettslinja med telemark som toppidrett. Dermed blir det mykje trening i skuletida også.

– Ambisjonen min er å halde fram med telemark og bli så god som mogleg.

Søskenparet Eirik og Sigrid Rykhus vann seniorklassane under dagens øvingar. I morgon er det klart for nye renn når klassisk telemark står på programmet.

NM i telemarkskøyring blir denne helga arrangert ved Sogn Skisenter på Hafslo. Med laussnø, nypreparerte løyper og strålande vintervêr ligg alt til rette for eit flott arrangement, melder styreleiar Øystein Veum.

SJÅ VIDEO: Etter tallause dugnadstimar er det klart for NM i Telemark ved Sogn Skisenter på Hafslo. (FOTO: Øystein Veum).