Hopp til innhold

Teke med fleire hundre kilo smuglarkjøt

Ei politipatrulje i Lærdal fann store mengder kjøt som truleg er smugla frå Sverige i ein bil.

Illustrasjonsbilde politi
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Utrykkingspolitiet hadde ein vanleg kontroll i Lærdal og stoppa tre menn. Ein med utanlandsk opphav og to nordmenn, seier Kai Henning Myklebust i politiet.

Dei tre hadde også ei brukardose med narkotikaen Khat på seg, og fleire hundre kilo kjøt. Dei blei teke med til Førde og er sikta for oppbevaring av narkotika og smugling av kjøt. Politiet vil gjennomføre avhøyr i løpet av søndag.

Laster Twitter-innhold

Andre hendingar i natt

Ein mann i 50-åra fyllekøyrde traktor og blei stoppa av politiet i Flora. Han blåste raudt på staden og blei teke med inn for blodprøver.

– Mannen hadde heller ikkje gyldig førarkort og saka blir meldt, seier Myklebust.

Laster Twitter-innhold

Politiet har også måtte stoppe ein privatfest i Florø sentrum etter å ha fått meldingar om bråk. I Førde har ein rusa mann i 40-åra vore trugande mot vaktene på ein utestad og blei vist bort.

I morgontimane søndag blei ein person fråteke førarkortet etter å ha køyrt alt for fort i ei 80-sone i Stryn.

Laster Twitter-innhold