Hopp til innhold

Tek bilete av bilar i millionklassen

FØRDE (NRK): Då Thor-Aage Lillestøl ville starte for seg sjølv, fall valet på fotografering av bilar. No fotograferer han for internasjonale BMW.

BMW i Nishammartunnelen

MANGE HAR SETT: Bildet av BMW I8 i Nishamartunnelen i Dale.

Foto: Thor-Aage Lillestøl / Photoevent

– Eg måtte finne på noko å drive med då eg bestemte meg for å starte for meg sjølv. Då var det ganske enkelt å tenke bil. Eg kontakta eit firma som fotograferer bilar. Dei trong ein til på laget, fortel Thor-Aage Lillestøl.

Han har jobba med sal i mange år. Så han selde inn seg som bilfotograf utan å vere utdanna fotograf. Med interesse for kamera lærte han seg sjølv.

No har Lillestøl mange følgjarar på Facebook og Instagram. Internasjonale BMW har brukt fleire av bileta hans på sosiale medium.

Spesielt har mange sett bildet av BMW I8 i Nishamartunnelen i Dale.

– Då BMW kontakta meg fekk eg frysningar. Den gongen gjekk eg rundt nokre gonger i stova og tenkte «kult», fortel Lillestøl.

Thor-Aage Lillestøl

AUTODIDAKT: Thor-Aage Lillestøl har lagt stein på stein og lært seg fotografering sjølv.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Naturen som ramme

– Naturen i Sogn og Fjordane har mykje å seie for interessa BMW har fatta. Så når spørsmålet kom om dei kunne få bruke bileta, var ikkje eg i tvil om at dette ville vere god marknadsføring, seier Lillestøl.

Etter kvart har han sendt inn fleire bilete til BMW.

– Dei har jo veldig mange følgjarar. Eg får spørsmål om det var eg som tok bildet av bilen på Dalsfjordbrua og sånt, seier Lillestøl, som har nok av motiv å plassere bilane i.

– Vi har jo så mykje å ta av i Sogn og Fjordane. Likevel kan eg gå tom for motiv på kvar reise. Eg har ikkje vore i alle krinkelkrokar og må finne nye plassar, gjerne med spektakulær bakgrunn. Så eg får tips og innspel frå folk om kvar eg kan reise.

BMW i Nishammartunnelen

LIKT: BMW likte bildet av I8 i Nishamartunnelen.

Foto: Thor-Aage Lillestøl / Photoevent

Gul stripe

– For å kome til desse krinkelkrokane må du køyre på svingete vestlandsvegar. Korleis er det å køyre Porsche på vegar utan gul midtstripe?

– Det avgrensar farten veldig, så slik sett er det bra. Eg køyrer forsiktig når eg har dyre bilar med meg. Det har gått veldig bra så langt.

Det kulaste bilen han har teke bilde av, er ein BMW M2 på Vestkapp i solnedgang. Ein bil han køyrde rundt med i to dagar.

– Om det ikkje er den dyraste bilen å fotografere, så var den desidert kjekkast å køyre. Og den ser utruleg bra ut, seier Thor-Aage Lillestøl, som også tek bilde av anna enn bilar.

– Eg må seie at eg likar veldig godt å jobbe med folk. Det er kjempekjekt å få ungar i studio, seier Lillestøl.

BMW

NATUR: Naturforholda er råme i bilbildene til Thor Åge Lillestøl.