Hopp til innhold

Tatt med store mengder amfetamin – no må han i fengsel

Sunnfjordingen i 30-åra viste sjølv fram dei 200 gramma med amfetamin han hadde i frysaren då politiet troppa opp heime hos han. No er mannen dømd til fengsel i eitt år og fire månader.

Narkotikabeslag i Førde

BESLAG: Politiet fann både hasj og amfetamin heime hos sunnfjordingen då dei ransaka heimen hans våren 2016.

Foto: Fotomontasje / Politiet

Mannen la raskt korta på bordet då politiet i fjor vår tok beslag i hasj og amfetamin etter ei ransaking.

Allereie i første avhøyr var mannen samarbeidsvillig og vedgjekk at han hadde kjøpt 300 gram amfetamin og 430 gram hasj. Dette svarar til kring 1.500 brukardosar amfetamin og vel 700 brukardosar hasj. Samla hadde narkotikaen ein gateverdi på kring 250.000 kroner.

Selte til andre og brukte sjølv

Sunnfjordingen vedgjekk også at han i perioden 2013 og fram til våren 2016 hadde selt minst 30 gram amfetamin og 73 gram hasj til forskjellige personar.

I månadane fram mot arrestasjonen våren 2016 brukte han sjølv 50 gram amfetamin og 160 gram hasj.

Narkotikabeslag i Førde

BESLAG: Politiet fann både hasj og amfetamin heime hos sunnfjordingen då dei ransaka heimen hans våren 2016.

Foto: Fotomontasje / Politiet

Då saka vart rulla opp i fjor vår meinte politiet at dei hadde stoppa ein betydeleg distributør av amfetamin i Sunnfjord. Medan mannen sat varetektsfengsla, vart ytterlegare sju personar sikta i saka. Politiet skildra saka som stor i lokal målestokk.

– Narkotika er samfunnsskadeleg, og vi ynskjer å få det vekk frå marknaden. Når det er så store beslag og ser at det har gått føre seg over fleire år, så er det sjølvsagt viktig for lokalsamfunnet å få det vekk, sa straffesaksansvarleg ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Rognald Dvergsdal, til NRK.no i juni i fjor.

Har brote med miljøet

Saka mot sunnfjordingen gjekk nyleg i Fjordane tingrett som tilståingssak. Sunnfjordingen forklarte at han trappa ned bruken av narkotika etter at han vart sleppt fri frå varetekt i fjor vår.

Etter dette skal han berre ha brukt narkotika eit par gonger. Likevel vart han i tida etter han sat fengsla teken for bruk av amfetamin, kjøp av hasj og køyring av moped i hasjrus. Køyreturen skjedde på ei strekning på to mil på E39 i fjor haust.

Dei siste to månadane hevdar mannen å ha vore rusfri, og han har brote med dei fleste i miljøet. Retten meiner dette ikkje er lang tid med tanke på å kome seg ut av rusmisbruket. Dei viser vidare til at han ikkje er i noko organisert opplegg for rehabilitering som vil bli øydelagt av å sone i fengsel.

Retten har dømd mannen til fengsel i eitt år og fire månader. Dei 44 dagane han sat varetektsfengsla blir trekt frå straffa.

Han må i tillegg betale 20.000 kroner i bot og vere utan førarkort i 12 månader. Retten har i tillegg bestemt at mannen får inndrege nær 30.000 kroner som dei meiner han har tent på sal av narkotika.