Hopp til innhold

Turistane strøymer til Aurland - men pengane renn ut av selskapet

Trass stor tilstrøyming av turistar til Flåm, så opplever fleire av underselskapa i bygda store underskot. Aurland ressursutvikling hadde 50 millionar kroner lågare inntekter i fjor.

Flåm stasjon med turistar

TAPER: Trass at mange turistar kjem til Flåm og Aurland, går det dårleg for mange av reiselivsselskapa i kommunen.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

Ut ifrå talet på turistar som var innom Flåm, så burde 2013 vore eit godt inntektsår for reiselivsselskapa i Aurland kommune. 720 000 tok Flåmsbana, og 270 000 cruisepassasjerar kom inn fjorden. Likevel syner rekneskapen til Aurland ressursutvikling, som eig og driv dei fleste attraksjonane i Flåm og Aurland, raude tal.

Resultatet for 2013 var 44 millionar kroner lågare enn i 2012. Før skatt hadde selskapet 6,1 millionar i minus, og etter skatt var det på 1, 1 millionar kroner.

Aurland ressursutvikling er eigd av Siva, Aurland kommune, og Aurland sparebank. Selskapet skal få fart på reiselivet i kommunen.

Tener mindre på Flåmsbana

Hovudårsaka til at resultatet har endra seg så mykje i negativ retning er at pengestraumen til Flåmsbana har blitt langt mindre, og omsetninga halvert.

I 2013 gjekk NSB inn og tok over halvparten av pengemaskina Flåmsbana etter at den tidlegare avtalen var gått ut.

Kanskje var det utsiktene til at noko slikt skulle skje som gjorde at underselskapet Flåm utvikling, som eigde heile drifta av Flåmsbana, tømde pengebingen sin i 2012 og betalte ut solide 63 millionar kroner i konsernbidrag til Aurland ressursutvikling.

I 2013 vart konsernbidrag gjort om til utbytte til aksjonærane og Aurland ressursutvikling måtte nøye seg med 14,5 millionar kroner ut av eit overskot før skatt på Flåmsbana på 54 millionar kroner.

Solrun Hjelleflat

RAUDE TAL: Trass stor tilstrøyming av turistar til Flåm og Aurland vart det i 2013 raude tal for Solrun Hjelleflat og Aurland ressursutvikling.

Foto: privat

Mange selskap taper pengar

Flåmsbana har vore pengemaskina som gjennom stadig fleire reisande har sytt for store inntekter som igjen skal nyttast til å utvikle nye arbeidsplassar. Men rekneskapen viser at denne skogen av underselskap tapte store pengar i 2013.

Flåm hotell tapte ein million før skatt, Sognefjorden AS som skal skysse turistar på fjorden tapte seks millionar før skatt, eigedomsselskapet Flåm Resort tapte ein og ein halv million kroner. Undredal bygdeutvikling tapte 400 000 kroner i 2013.

Aurland skofabrikk tapte 2 millionar kroner. Selskapet Flåm AS som driftar kjende Fretheim hotell midt i turistmagneten, tapte 5,1 millionar før skatt i fjor. Dette kjem på toppen av eit tap på 12 millionar for hotellet i 2012. Hotellet må tilbake til 2006 for å vise positive tal, og det i ei bygd som kvart år tar i mot hundretusenvis av menneske.

Flåmsbanemuseet gjekk der i mot med 400 000 i overskot. I eposten skriv Hjelleflat dette om kvifor så mange av underselskapa taper pengar:

"Konsernet ser på lønsemda totalt sett frå eit destinasjonsperspektiv, og ein har investert mykje i produktoppgradering for å auke den totale kundeopplevinga. Det gjeld hotell, Aurlandsskoen, kulturkafé og kulturpark. Målet er at Flåm skal vere heilårsopent og ein jobbar mot marknaden for å kome dit" skriv Hjelleflat.

Det er venta færre cruiseskip til Aurland neste år, og med NSB inne på halvparten av eigarsida i Flåm utvikling må ein rekne med mindre inntekter frå bana til lokalsamfunnet, med mindre turismen ikkje aukar kraftig, noko det er stor debatt om i lokalsamfunnet. Hjelleflat er klar på at ein ikkje kan halde fram å tape pengar over tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

POPULÆRT: Flåm er ein ettertrakta stad for cruiseskip å legge til kai. I 2013 var 270 000 cruisepassasjerar innom, men likevel er det økonomisk nedgang for mange av turistselskapa i kommunen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Aldri hatt meir nøgde turistar

– Verksemda vår må, som alle andre gå i pluss over tid. Men resultatet var bevisst for 2013 fordi me og eigarane meinte det var viktig å investere for vekst. Den kraftige veksten vi ser i omsetnad viser at dette var rett og viktig, skriv ho.

– Korleis ser de på at Fretheim Hotel har gått med millionunderskot stort sett kvart år sidan 2006?

– Vi har dei siste åra investert mykje for å gjere Fretheim Hotel til eit topp moderne hotell. Denne investeringa kastar no av seg gjennom ein vekst på heile 20 prosent samanlikna med 2012. Vi har òg ein veldig god sesong i år. Utfordringa er å gjere dette lønsamt på heilår, men det er ei destinasjonsutfordring som vi jobbar med.

– Vi har som mål å skape den beste fjorddestinasjonen i verda. Då må vi gjere dei investeringane som må til, og i tråd med det marknaden vil ha. Så langt ser sesongen 2014 veldig bra ut. Utfordringa er som nemnt å utvikle skulder og vintersesong. Eg vågar den påstanden at regionen aldri har hatt fleire og meir nøgde turistar enn i 2013. Vi tek ikkje æra for dette åleine, men me har gitt bidraget vårt.