NRK Meny
Normal

Symjetreninga fekk ein brå slutt - badstova i Førdehuset tok fyr

FØRDE (NRK): Eit 20-tals ungdommar trente i bassenget då nokre brått kjende røyklukt. Like etter gjekk brannalarmen i Førdehuset.

Alle naudetatane har rykka ut etter melding om brann i Førdehuset. Brannen er no sløkt og situasjonen er under kontroll.

SJÅ VIDEO: Røyken frå den brannskadde badstova var godt synleg frå utsida av bygget. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Det var som ein vegg av røyk. Heile gutegarderoben var røyklagt. Badstova stod i brann, fortel Hans Fredrik Laache.

18-åringen deltok på det som først verka som ei heilt ordinær trening med Førde IL si symjegruppe måndag kveld.

– Dei som låg i bana ved sidan av meg sa at det lukta svidd. Eg kjende ingenting. Då eg skulle opp på land for å ta eit par armhevingar, gjekk alarmen, fortel Laache.

Elisabeth Mundal og Hans Fredrik Laache

VAR PÅ TRENING: Elisabeth Mundal og Hans Fredrik Laache måtte evakuere frå symjebassenget då brannalarmen gjekk i Førdehuset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Raskt sløkt

Ifølgje politiet skal det ha vore opne flammar inne i bygget. Brannen var automatisk varsla klokka 18.37. Naudetatane som måndag ettermiddag har hatt ei stor øving ved Øyrane vidaregåande skule, var raskt på staden.

– Det oppstod brann i tilknyting til badstova. Brannen er sløkt og situasjonen under kontroll, opplyser innsatsleiar Gunnar Englund til NRK.

Brannutrykking til Førdehuset

UTRYKKING: Alle naudetatar rykte ut etter melding om brann i Førdehuset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han seier kulturhuset i Førde vart raskt evakuert då alarmen gjekk.

Totalskadd

– Vi har ikkje opplysningar om at det var folk inne i badstova, men det gjekk føre seg symjetrening då brannen starta, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

Det var ei stund synleg røyk på utsida av bygget. Det var også sterk røyklukt rundt Førdehuset. Røykdykkarar etterpå gått gjennom heile bygget.

– Badstova er totalskadd, men det er for tidleg å seie noko om skadar utover det, seier Øberg. Korkje han eller politiet kan seie noko om årsaka til brannen.

For Hans Fredrik Laache og Elisabeth Mundal vart ei symjetrening dei seint gløymer.

– Det er skremmande, men eg visste at det ikkje var folk der inne. Det var tryggande. Vi visste at vi alle var samla, ingen mangla. Det var det viktigaste, seier Mundal.

Uvisst kva følgjer brannen får

Badstovebrann i Førdehuset

MYKJE RØYK: Røykdykkarar lokaliserte arnestaden til badstova i herregarderoben. Bygget blir no ventilert og søkt igjennom. – Det er ganske røykfullt inne, opplyser brannsjef Bernhard Øberg i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førdehuset er Førde kommune sitt kulturhus og husar forutan scene og kinosalar, symjehall og idrettshall. Sogn og Fjordane Teater, Førdefestivalen og fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane er også å finne her.

Kulturleiar Johan Bengtsson opplyser til NRK at han enno ikkje veit kva følgjer brannen får for drifta av Førdehuset.

Då NRK snakka med Bengtsson klokka 19.30 var han på veg til Førdehuset for å vurdere situasjonen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser